Eit brev til ordføraren kan nokre gonger ver løysinga på det meste. I allefall når det er eit handskrive og sjarmerande brev.

- Kjære ordførar. Vi vil ha sju Lesja kommune pins, sto det i brevet som hamna på pulten hjå ordførar Mariann Skotte.

Måndag var det endeleg tur for overlevering. To spente karar møtte opp etter å ha blitt invivert til sjølvaste ordførerens kontor. Brevskrivarane Johannes Thoresen Rolstad (7) og Tronn Henrik Flitte (6) var synleg spente for det høgtidelege besøket.

- Kva har de teikna her da, spurte ordføraren.

- Det er deg. Med ein pistol, fortalte dei.

Klubben har ikkje fått noko namn, og har ikkje noko spesielt formål. Dei andre kameratane i klubben skal også få pin, og det same med småsøskna.

Vil ha fleire

På spørsmål om kva kommunevåpenet til Lesja syner kjem det raskt svar-

- Det er eit kirkespir, seier Johannes.

Dei to småkarane har fleire pins på ønskelista.

- Vi vil ha pins med kløver og rose også, fotel Tronn Henrik.

Ordføraren seier at kløverpins kan ho nok ordne, men at pins med rose må dei nok prate med andre om å få. Ønsket om å få sine eigne pins med kommunevåpen på kjem av at dei fann ein i sandkassa til Johannes, som nokon hadde mista. Johannes si bestemor, Marit Rolstad, sitt i kommunestyret og hjalp dei med brevet til ordføraren.

Stort rom

Etter besøket på kontoret får dei sjå på kommunestyresalen.

- Er den stor, spør Tronn Henrik i det dei går inn døra.

Det mest fascinerande er nok mikrofonen. Og at det er ei tavle det går an å teikne på. Dei finn også att kommunevåpnet på talerstolen.

- Har de lyst til å blir ordførar ein dag, spør vi.

- Ja, kanskje, svarar Johannes.

Ellers er det spennande med ordføraren sin ettenamn.

- Har du skotteklede, spør Johannes.

- Nei, men eg har ein som heiter Skotte til mann, svarar ordføraren.

Johannes fortel så at han har ein skottehuve heime, med hår på og alt. Som kom tida for 1.klassingane for å tusle seg avgarde, med flotte pins på jakka og ei stor oppleving rikare.