På jordet ser ein to par hender som peikar hit og dit framfor ein nypløgd åker. Dette er hender som ber tydelege spor av hardt arbeid med bedrifta Avdem gardsgrønt.

Det minste paret av disse hendene tilhøyrer Sofia Maria Bang Elm. Det er ho som har ideen og er drivkrafta bak firmaet.

- Eg er berre assistent no i starten, kjem det frå kjærast Hans Avdem i bakgrunnen.

Men det er på avdemsgrunn dei og bedrifta har slått rot.

Møttes i Sogn

Dette året har Hans vore elev på Sogn jord- og hagebruksskule i Aurland. Det har Sofia vore tidlegare, og er no på sitt fjerde år her blant dei norske fjellaber. Og når ein lesjing og ei danske møtast i Sogn, så går det som det brukar, det vert kjærleik.

For nokre veker sidan kom dei heim til Vesl-Avdem. Her skal dei i eit års tid prøve ut om det å vere gardbrukarar på Lesja er noko for dei. Da trengs det ei attåtnæring, tenkte Sofia. Det siste året har stort sett alle ledige stunder gått til undersøkingar og kva planter som kan trivast på Lesja, og kvar einaste krone frå bakeriløna i Aurland har gått til dette prosjektet. Sofia er oppvaksen i ein øko-landsby i Danmark, og er vand med å kunne hente seg ferske grønsaker stort sett heile året.

Til sals lokalt

Vekstsesongen på Lesja er ikkje som i Danmark. Dei første plantene har kome i åkeren nå, og kan haustast om ein månads tid. Det meste er fortsatt inne i drivhuset, som far til Sofia kom frå Danmark for å vera på å bygge. Det er klargjort tomt til eit hus der dei skal ha moglegheit for å foredle, pakke og fryse varer. Sylta raudbeter og sylta agurkar er noko av det dei håpar kan vere i sal også etter at vekstsesongen er ferdig. Engasjementet viser seg tydeleg når ho viser rundt i drivhuset, og fortel om dei mange vekstane. Fleire av dei er fortsatt berre små, grøne skot i jorda. Men dei får godt stell og veks fort, og er snart sunn og kortreist mat. Med tida håpar Sofia å lage produkt som passar godt til osten som vert laga på gardsysteiet og som passar inn i konseptet på Avdemsbue.

- Dette er noko eg har tenkt på lenge, sjansa kom da vi flytta hit, seier Sofia.

Avdemsbue som salskanal er ein viktig faktor, og dei har tenkt seg på Bondens Marked. Dei har også eit ynskje om å få til ei "grønsakskasse”, der ein får levering av ferske grønsaker kvar veke saman med oppskrifter.

- Eg håpar det kan inspirere folk til å lage noko nytt. Vi håpar mest mulig vert seld lokalt, seier Sofia.

Ei abonnementsordning gjev også auka sikkerheit for firmaet.

Firmaet har fått god hjelp av foreldra til Hans, Åse Haugstad og Sigurd Avdem, som er drevne gründerar.

- Det er mange ting å ta stilling til i etableringsfasa, medan vi eigentleg ynskjer å bruke mest energi på grønsaks- dyrking, fortel Sofia.

Spent på frostnatt

Det er ein spennande første sesong. Er det nokre av plantene som klarar å overvintre den til tider kalde vinteren på Lesja? Tanken på ei frostnatt tidleg i august er heller ikkje god, men Sofia trur plantene skal overleve dette.

Det ligg også ei djupare meining bak val av tilleggsnæring.

- Jordbruket må utviklast til å ikkje berre vera grasdyrking. Du må sjå moglegheiter og prøve noko nytt for å få fleire bein å stå på, seier han.

- Du må vere oppfinnsam som bonde, supplerer Sofia, og går attende til arbeidet som grønsaksdyrkar, 580 meter over havet.

Samleband: Det går fort å få frøa i jorda.
Hardføre: Frøa er nøye utvalde.
Arbeidsstaden: Berre handreiskap skal bli brukt i åkeren.