Bøker

Kunst med nærvær

Karl Ove Knausgård nærmar seg Edvard Munchs kunst med nervøsitet og entusiasme. Og lukkast med å opne nye eksistensielle rom.

Edvard Munch er Noregs mest internasjonalt kjente kunstnar. Karl Ove Knausgård er på veg til å bli Noregs mest internasjonalt kjente forfattar. No møtest Knausgård og Munch i form av kunstutstillinga Mot skogen – Knausgård om Munch på ­Munchmuseet, og i boka Så mye lengsel på så liten flate.

Kunnskapsrik

Knausgård er ein tidvis springande, men både kunnskapsrik og entusiastisk formidlar av Munchs kunst. Det er tydeleg at denne kunsten treff noko i han, slik han gjer det i dei fleste av oss. I tillegg har Knausgård evna til å formulere kjenslene sine i møte med dei ulike kunstverka på ein frisk og ofte nytenkande måte. Og han maktar å vere nærverande i kunsten.

I somme parti kan boka bli i overkant dvelande og ordrik, ein kritikk som ofte rammar Knausgårds måte å skrive på. Samtidig når han inn til og får fram erkjenningar som kanskje elles ville ha ligge i det ordlause. Det er meir imponerande enn det er irriterande – kjenner Knausgård ingen grenser for kva han kan finne det karakteristiske ved?

LES OGSÅ: Knausgård vil inn i det nakne og uferdige

Sanninga

Prosjektet hans er det same som det lenge har vore: Knausgård vil inn til sanninga, og knuse maskene og konvensjonane vi alle gøymer oss bak. Dette kan vere ei utfordring i ­biletkunsten som i livet elles, jamfør den pågåande debatten om språket i kunstkritikken. «Kunst må kunne omtales slik at vanlige dødelige kan forstå,» skreiv kunstkritikar Kjetil Røed i Aftenposten nyleg. Frykta for banalisering i møte med kunsten kan bli så stor at kunsten sjølv blir skadelidande.

Her er Knausgård det rette ­botemiddelet. Han vågar å skrive banalt om kjensler – han kvir seg heller ikkje denne gongen for å krydre kjensleutbrota med ein «å!» eller to. Men ved å vedstå seg det banale, som jo er ein relativt stor del av alle menneske, maktar han også å nå inn i det eksistensielle. Når han skriv om lengsel, blir det uråd å sjå bort frå lengsla som eit grunnleggande trekk ved mennesket og samfunnet. Når han skriv om einsemd, kjenner vi på kuldegys i vår eiga sjel. Når han skriv om minner, tydeleggjer han kva eit menneske er.

Underlege val

Eg opplever ikkje Så mye lengsel på så liten flate som ei heilstøypt bok. Det er eit par underlege val her, som at den analytiske teksten fleire stader slår over i intervju. Knausgård intervjuar mellom anna kunstvitaren Stian Grøgaard, nede i magasinet på Munchmuseet, og kunstnaren Vanessa Baird, som står bak biletmaterialet i Knausgårds Om høsten. Begge desse kapasitetane nærer Knausgård ein nærmast angstfull respekt for, og ein tematisk hovudtråd frå resten av forfattarskapen hans kjem endå ein gong til syne: Skam.

Knausgård skammar seg over Munch-bileta han har vald ut, over at dei ikkje skal vere «gode nok». Samtidig ser han på seg sjølv og skamma si utanfrå, kommenterer og analysere denne, og ufarleggjer henne i same slengen. Var det ikkje dette som var prosjektet også i Min kamp-bøkene; å skrive seg fri?

Spenning

Eit anna møte er med filmskaparen Joachim Trier,­ som løftar den siste delen av boka med refleksjonar kring Munch og kunstnarrolla generelt. Her går praten ledigare enn i dei andre intervjudelane, og ­saman med Trier lagar Knausgård ein aldri så liten spenningstopp mot slutten av boka, som eg ikkje skal røpe her.

I forholdet til Munchs kunst er Knausgård i utgangspunktet ein glad amatør. Dette veit han å spele på, og skaper såleis både gjenkjenning og medkjensle.

Kanskje ligg det også ein humoristisk reservasjon i å kalle kunstutstillinga for «åt skogen». Mens boka er eit essay, altså eit forsøk, noko romsleg.

Knausgård er iallfall ­ærleg om sin eigen hybris, samtidig som han formidlar stoffet både nervøst, engasjert og tankeutvidande.­ Så kjem det som eit tillegg at han gjennom Munchs kunst endå ein gong har arbeidd med seg sjølv.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker