Kultur

Manglar bøker om mindre privilegerte barn

Talet på barn som lever i fattige familiar i Noreg aukar stadig. Men samfunnsframstillingar som desse barna kan kjenne seg att i, er underrepresenterte i nyare barne- og ungdomslitteratur.

Bilde 1 av 4

I rapporten «Hvordan er det å vokse opp i en familie med dårlig råd i Norge?» frå 2015 har Redd Barna snakka med norske barn om korleis det er å vekse opp i ein familie med lite pengar. Erfaringane som går igjen, er at det er lett å hamne utanfor fordi ein ikkje har råd til å bli med på fritidsaktivitetar og klasseturar, eller fordi ein ikkje går i dei riktige kleda. Mange strever også med å halde tritt på skulen; dei får kanskje korkje leksehjelp eller arbeidsro heime. Og ikkje alle barn får i seg næringsrik mat så dei kan konsentrere seg om skulearbeidet.

«Lærerne burde være flinke til å lære oss at ikke alle har like god råd. Det er noe man burde begynne å lære seg i barnehagen», seier ei 15 år gammal Oslo-jente som Redd Barna har snakka med.

Det er med andre ord viktig at barn og unge lærer om forskjellane i det norske samfunnet. Men får slike erfaringar plass i forteljingane som finst i litteratur og teater for barn og unge?

LES OGSÅ: Barnehage gir til fattige barn

Hyllest til mangfaldet

Ein føremiddag i april vrimlar det av femteklassingar i Rådhushallen i Oslo. Rådhuset er nemleg inntatt av teaterinstallasjonen Tigerstadskids og gjort om til eit Oslo i miniatyr. Ein kan vandre gjennom byen medan ein lyttar til opptak av intervju gjort med meir enn hundre barn, frå alle delar av byen. Temaet er korleis det er å vekse opp i Oslo.

– Vi ville lage teater som er relevant for barna, og då måtte vi vite kva dei tenkjer på, kva dei brenn for, seier Hilde Brinchmann, som er utdanna regissør ved Dramatiska Institutet i Stockholm og ein av tre kunstnariske leiarar i Tigerstadsteatret. Saman med Oslo Nye har dei jobba fram Tigerstadskids.

«Når den delte byen samles», skriv dei på nettsidene i si eiga skildring av prosjektet. Oslo har dei seinaste åra vore den byen som har bore mest preg av dei auka økonomiske ulikskapane i landet, også mellom barn, i eit heilt tydeleg skilje mellom aust og vest. Tal frå 2015 viser at 33 prosent av barna i bydelen Gamle Oslo levde i fattigdom, mot 7 prosent i Vestre Aker, som ligg vest i Oslo.

Når ein går rundt i den konstruerte byen og lyttar til barna som fortel om kvardagen sin, kan ein ikkje unngå å merke forskjell på kva dei er opptatt av ut ifrå kva ressursar foreldra deira har; historiene frå Tøyen er annleis enn dei frå Bygdøy.

Brinchmann understrekar like fullt at Tigerstadskids ikkje skal vere eit slags prov på at det er store forskjellar mellom barna i byen.

– Dette med oppvekstvilkår har sjølvsagt vore med oss heile vegen. Men prosjektet er først og fremst samtalar med barn på deira vilkår. Vi har berre prøvd å lytte.

Det som driv Brinchmann, er at det skal vere ein breidde i historiene som blir fortalde. Tigerstadskids skal vere ein hyllest til mangfaldet.

LES OGSÅ: De rødgrønne lovet å avskaffe fattigdom

Mangfald i litteraturen?

Framstillingar av samfunnet som mindre privilegerte barn kan kjenne seg att i, er underrepresenterte i barne- og ungdomslitteraturen. I ungdomslitteraturen er det hovudsakleg i den dystopiske litteraturen, bøker i fantasy-sjangeren, at klasseperspektivet er framståande. Men det finst også døme på meir eller mindre realistisk litteratur som rører ved temaet.

Bibliotekar og forfattar Stig Elvis Furset sit i Kulturrådet sitt vurderingsutval for innkjøp av norsk skjønnlitteratur for barn og unge, og han trekker fram Ida Jacksons ungdomsroman Danielle, der vi møter ei jente som lever på skuggesida av austsida av Akerselva, og Tyra Teodora Tronstad som skriv godt om klasserelatert borgarkrig i ungdomsromanen Mørket kommer innenfra (2016).

Blant barnebøkene finn han mest ikkje eit einaste eksempel.

– Klasseperspektivet er så godt som fråverande i barnelitteraturen, sjølv når ein leiter etter det. Det er både overraskande og påfallande, for det er jo ikkje slik at ein i norsk barnelitteratur kvir seg for å ta opp vanskelege ting, seier Furset, og nemner blant anna incest og familievald som emne som har blitt tematisert i norske barnebøker.

Viktig tematikk

Forfattar og nyleg tilsett leiar i Den norske Forfatterforening, Heidi Marie Kriznik, meiner det kan ha å gjere med at dei som erfarer å vekse opp i ein fattig familie, ikkje alltid er dei som skriv bøker.

– Barn som blir rekna som fattige, lever jo i familiar som har svak tilknyting til arbeidslivet eller er avhengige av trygd. Og dei aller fleste av desse, i alle fall i Oslo, er ifølgje statistikken familiar med migrasjonsbakgrunn, seier Kriznik, som i 2015 gav ut boka og pamfletten Den delte byen (Manifest forlag), om dei aukande økonomiske skiljelinjene i Oslo.

Kriznik har sjølv skrive om økonomisk ulikskap i romanane sine, og meiner at ein også må kunne skrive om erfaringar som ikkje er eins eigne.

– For her har forfattarar moglegheit til å skrive fram kor samansette ting er, skjønnlitteraturen si kraft er jo at han kan vise fram mange sider ved eit liv, seier ho.

Ho understrekar at skildringar av ulike former for utanforskap er hyppig skildra i skjønnlitteraturen, men synest at det er viktig at tematikken også blir behandla meir konkret.

– Det er viktig at det finst bøker som viser breidda av utfordringar i samfunnet. Då kan barn og unge forstå, kjenne att og få innsikt i at liva våre er ulike – eller at andre har det som dei.

LES OGSÅ: Inntrykksfullt om barn på flukt

Lærar oss empati

Taran Bjørnstad, som nett tok over leiarstolen i Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere, peiker på at tema som barnefattigdom kan vere vanskeleg å skrive om.

– Ein må vere varsam med å skrive fram taparar når ein har hovudpersonar som er underprivilegerte i samfunnet. Samstundes vil forfattarar unngå å vere normative, dei vil vere gode historieforteljarar.

– Kva kan det bety for eit barn, anten det er rikt eller fattig, å kunne lese om andre barn i same situasjon – eller i ein heilt annan situasjon enn seg sjølv?

– Det litteraturen gjer aller mest for oss, er å lære oss empati. Det er viktig både for den som er privilegert og den som ikkje er det.

Ho er sikker på at fleire forfattarar vil skrive om dette i åra som kjem.

– Eg trur forfattarane kjem til å ta tak i dette meir og meir, fordi skiljelinjene blir større og større. Det er jo det kunsten skal gjere, gripe tak i røynda.

Fattig på vestkanten

Discosatan av Vera Micaelsen (Aschehoug, 2014) handlar om Kine, som elskar discojazz, men som ikkje har råd til å trene sånn som dei andre jentene. Ho inngår difor ei pakt med djevelen. I Battle (Kagge, 2014) fortel Maja Lunde om vestkantsjenta Amalie som møter austkantsgutten Mikael gjennom dansen. Og Sangen om en brukket nese av Arne Svingen (Gyldendal, 2012) er historia om Bart, som veks opp den drikkfeldige og overvektige mor si i ei forfallen leilegheit, men som elskar både mora og opera. Det finst altså døme på forteljingar som rommar ein slik tematikk utan at dei blir moraliserande.

Særleg tydeleg ser vi det i Andrea Bræin Hovigs ungdomsroman Vanessa Svartmo frå 2015 (Aschehoug).

Vanessa er ein skarp femtenåring med draumar og lengslar som tenåringar flest, med eit kritisk blikk på omverda og forskjellane som eksisterer mellom fattig og rik. Ho bur saman med den alkoholiserte mor si i ein kommunal bustad på vestkanten i Oslo, og er smerteleg klar over at ho manglar ein del ting som andre har.

– Blokka ho bur i, oppdaga eg då eg som ungdom gjekk med bøsse for TV-aksjonen på St. Hanshaugen, fortel Bræin Hovig.

Ho hugsar det som rart å samle inn pengar til fattige, for det var jo fattige som opna då ho ringde på.

– Og så tenkte eg også at her bur det heilt sikkert ei fattig jente som strevar med å passe inn på vestkanten. Det kan på ein måte vere enklare å vere fattig i eit miljø der alle er det, enn der alle har råd til å dra på klassetur.

LES OGSÅ: Bruker litteratur til å hindre mobbing

Alle skal med

– Kva trur du ungdom kan finne hos Vanessa som dei ikkje gjer i andre ungdomsbøker?

– Eg har skrive ei bok om Vanessa fordi eg ville skrive ei morosam bok, for det er utfordrande nok som det er å få tenåringar til å lese. Men har du lese boka, ser du deg kanskje rundt i klasserommet eller skulegarden ein gong til og tenkjer over om det er noko ein kunne gjort for at alle skal kunne delta og føle at dei passar inn.

At alle skal kunne delta, er også viktig for Hilde Brinchmann og dei andre som står bak Tigerstadskids. Dei planlegg også eit prosjekt dei kallar Tigerbussen, ein slags black box på hjul, som dei kan køyre rundt med og spele teater for barna der dei er.

– Det er ikkje alle barn som har tilgang til kunst og kultur, og det er viktig for oss å nå fram til dei.

– Har de lært noko av å snakke med alle desse barna, av å høyre på deira historier?

– Eg vart overraska over kor mange ideologiske bilde eg har hatt av Oslo, som ikkje stemmer med røynda. Vi har fått eigne fordommar i trynet heile vegen. Vi menneska tar som regel altfor raske slutningar om kvarandre.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur