Nyheter

Avgang med bulder og brak

Kunne Per Lønning fått meir effekt av den dramatiske ­avgangen dersom han ikkje var solospelar?

For 40 år sidan i går, torsdag 29. mai 1975, gjekk Per Lønning av som ­biskop i Borg. Han gjekk i protest mot den sterkt liberaliserte abortlova då denne vart vedteken i Lagtinget.

Lønning tok alle på senga. To år tidlegare hadde han i praksis bestemt seg for at dette kom til å bli utfallet for hans del av eit årelangt engasjement. Men Lønning drøfta ikkje ei så dramatisk handling med kollegaene­. Han overraska alle dei ­andre ­biskopane, med unnatak av Oslo­-biskop Støylen. Han hadde­ fått eit varsel i eit konfidensielt brev fem dagar før den første Borg-biskopen i historia gjekk av i fullt flomlys.

Den einaste Lønning hadde drøfta handlinga med, var kona Ingunn. Eit slikt oppbrotssignal var, som han sa det til NRK, «ikke noe man diskuterer med folk».

Solospel

Han tok den kyrkjelege kampen på eigne skuldrer og bad i praksis bispekollegane bli på sin post. Men ukomplisert var det sjølvsagt ikkje at éin ­biskop gjekk når saka skulle vere så viktig – og at dei andre blei ­verande. Lønning skreiv at kritikarane­ snakka bort det ­vesentlege, «nemlig at min handling var en logisk og gjennomtenkt konsekvens av Kirkens, og mitt eget, engasjement i abortstriden gjennom mange år».

Korleis kunne han meine at hans eigen avgang var logisk for kyrkja når han ikkje drøfta avgangen med nokon? Ville det ikkje i så fall vere logisk at alle gjekk? Lønning fekk kritikk for solospelet – kva kunne han fått til om han hadde samrådd seg med nokon? Ville han blitt åleine uansett?

LES INTERVJU MED PER LØNNING: 'Som gammel strever jeg mer med å finne ordene'

Lønning braut heller ikkje over tvert med statsmakta som privatperson. Lønning vende dess­utan tilbake som biskop i Bjørgvin tolv år seinare. Han gjorde det med styrke og kompetanse. Men i historisk lys kompliserer også dette den dramatiske protesten frå 1975. Lønning hadde rett nok alt ved avgangen i 1975 sagt at den lova han protesterte så kraftig mot, var «bent fram verre» enn lova om sjølvvald abort som vart vedtatt i 1978. Men like fullt: Dersom avgangen var logisk, kva var då tilbakekomsten?

Prella av

Abortsaka var eit stort alvor for Lønning. «Jeg hevder ikke en stats plikt til å påtvinge sine borgere spesifikt kristne normer, men dens plikt til å verge menneskelivet, især det livet som ikke er i stand til å verge seg selv,» skreiv Lønning i avskilssøknaden til kongen.

Alvoret kyrkja hadde kjempa for, prella heilt av på kyrkje­minister Bjartmar Gjerde. Han sa meir eller mindre rett ut at det var Høgre-mannen Lønning som var ute for å påverke kommunevalet. – Bak menneskelege­ handlingar er det aldri heilt blankskurte motiv, erkjente Lønning sjølv etterpå. Men at det var den gamle Høgre-mannen (stortingsrepresentant 1958-1965) som var ute, var eit villspor.

«Skrittet var et forsøk på å si i handling det en samlet kristenhet hadde sagt i ord. Uten å bli trodd», skreiv Lønning den sommaren i boka Derfor.

Ord og handling

I åra som er gått, har mange diskutert korleis kyrkja og livsvernrørsla kan argumentere i abortsaka. Kor viktig er prinsippa, og kor pragmatisk skal ein vere for å nå eit mål om færre abortar? Her finst knapt noko fasitsvar.

Abortkampen frå 70-talet var ein konfrontasjon over ein politisk avgrunn. Tilhengjarane av ei ny abortlov argumenterte med at fosteret var «en del av kvinnens kropp». Mot det stilte kyrkjefolk og andre motstandarar av ei friare abortlovgjeving sterkt opp, med ein underskriftsaksjon som sakna sidestykke, for vernet om det ufødde livet og menneskeverdet: Over 600.000 underskrifter blei samla inn.

Legar argumenterte med «strikkepinneabortar» som ­uttrykk for sosial naud og uverdige kår. Det tok litt tid før motstandarane av abortlova innsåg at handling må følgje ord på ein annan måte enn ein dramatisk bispeavgang: Kvinner som er blitt uønskt gravide, må få hjelp. I 1978 vart det første rådgjevingskontoret AAN (dagens Amathea) starta.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Prinsipp

Balansegangen mellom prinsipp og pragmatisme har følgt abortkampen i alle dei 40 åra etter at Lønning gjekk. Gjennom åra har fleire prøvd å lage alternativ til abortlova, der kvinna­ ikkje skulle vere åleine om å ta avgjerda. Alle forsøka har falle i fisk. Og nokre gamle motstandarar av abortlova har gitt opp kampen og godteke lova som det beste – tross alt.

Aborttala har ikkje stige sidan 1975 og lova om fri abort i 1978. Debatten om abort og ikkje minst seine abortar etter fosterdiagno­stikk, er halden langt meir levande­ her enn i ­andre land.

Børre Knudsen var inspirert av Per Lønning, og Knudsen sette ekstra fyr på debatten med sitt brot med statsmakta og kyrkjeleiinga: Han brukte kampskriftet Kirkens Grunn frå krigen – og mana slik til eit kollektivt brot, som han berre fekk nokre svært få – og endå meir kompromisslause – med på. Medan Knudsen blei «biskop i eksil» for nokre få, vart solospelaren Lønning altså biskop i Bjørgvin. Det illustrerer også kyrkjeleg abortkamp.

Kva kom så ut av Lønnings ­avgang? Han fekk løfta abortdebatten høgare opp på dags­orden, også for ettertida. Men han skjerpa­ samstundes frontane. Inga lov står etter alle desse åra med forsøk på ord og handling politisk så støtt som abortlova.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter