Nyheter

Blei plassert på topp i Oslo

Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) meiner dei berre har ein sikker stortingsplass. Difor blir trønderen Une Bastholm plassert på topp i Oslo.

Nominasjonskomiteen til Miljøpartiet Dei Grøne i Oslo har sett nasjonal talsperson Une Aina Bastholm øvst på vallista.

I dag har MDG ein stortingsrepresentant: Nasjonal talsperson Rasmus Hansson blei valt inn frå Oslo i 2013. Neste år skal han prøve å bli attvalt, men frå Akershus.

Med oppvekst i Trondheim og Rennebu ville det ikkje vore unaturleg om Sør-Trøndelag MDG hadde sett Bastholm øvst på deira liste. Men i og med at sjansen til å bli folkevalt er størst i Oslo, har nominasjonskomiteen i hovudstaden plassert Bastholm på topp her.

LES MEIR MDG utfordrer KrF på skaperverket

Er avklart

MDGs to byrådar i Oslo, Hanna Elise Marcussen og Lan Marie Nguyen Berg, har fått tredjeplassen og tiandeplassen.

Rasmus Hansson fortel til Dagsavisen at hans skifte av fylke er avklart til topps i partiet:

– Eg har snakka med valkomiteane i begge fylka, med sentralstyret i MDG og mange andre, og landa ned på denne konklusjonen.

Oslo-lista blir endeleg bestemt på nominasjonsmøtet 10. november.

Glad i Oslo

Bastholm er ikkje ein ukjent politikar i Oslo, sjølv om ho er frå Sør-Trøndelag. I er ho første vararepresentant på Stortinget, frå Oslo. Bastholm arbeider til dagleg som rådgjevar i MDGs einmannsgruppe på Stortinget.

– Eg er veldig glad i Oslo og har budd her lenge, seier Bastholm til Aftenposten.

Flytta rundt

Tidlegare har SV-leiar Erik Solheim og KrF-leiar Dagfinn Høybråten måtta skifte fylke for å få sete på Stortinget. Solheim blei SV-leiar i 1987, men fekk ikkje plass på oslolista før valet i 1989. Difor blei det rydda plass øvst på lista i Sør-Trøndelag. I 1993 var det plass for Solheim på SV-toppen i Oslo.

Dagfinn Høybråten blei KrF-leiar i 2004, men han fekk ikkje førsteplassen i korkje heimfylket Akershus eller i Østfold. Redninga blei nominasjonskomiteen i Rogaland, som sette han øvst på lista, noko som sikra tingsete i 2005.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter