Nyheter

Rømde frå sterk foreldrekontroll

I unikt prøveprosjekt samarbeider familievernet med politiet for å nærme seg kontrollerande foreldre.

– Du er tøff.

Solveig Horne har høyrt den unge kvinna fortelje kva ho måtte gjere til slutt; banke på hjå politiet og be om hjelp - hjelp til eit liv i fridom. Eit liv ho sjølv styrte.

Barne- og likestillingsministeren framsnakkar ofte familievernet, ein statleg etat med 42 kontor og 500 terapeutar spreidd over heile landet. No har Horne invitert seg sjølv til å møte ei av dei som ikkje kan stå fram og fortelje kvifor dei får hjelp av familievernet.

Dei har brote med familien, flykta frå det fagfolk definerer seg «negativ sosial kontroll». Kontrollen startar allereie i barneåra. Jentene – ja, dei er i fleirtal – får ikkje gå i bursdagar, får ikkje overnatte hjå vener, får ikkje delta på klasseturar. I tenåra blir grepet stramma. Foreldre vil vite alt, kontrollere alt, bestemme alt.

Det handlar om å verne familiens ære.

Kulturelle skikkar

Eller som det står i handlingsplanen Retten til å bestemme over eget liv som statsminister Erna Solberg (H) la fram på kvinnedagen i mars:

«Innvandringen til Norge har brakt med seg andre religiøse og kulturelle skikker enn vi har vært vant med. Mange innretter seg etter det norske samfunnets lover, regler og verdier når de kommer hit. Noen jenter og gutter vokser derimot opp i Norge uten frihet til selv å bestemme over sitt eget liv, sin egen kropp eller hvem de skal gifte seg med.

I handlingsplanen blir «negativ sosial kontroll» definert slik:

«Ulike former for oppsyn, press, trusler og tvang som utøves for å sikre at enkeltpersoner lever i tråd med familiens eller gruppens normer. Kontrollen kjennetegnes ved at den er systematisk og kan bryte med den enkeltes rettigheter i henhold til blant annet barnekonvensjonen og norsk lov.»

I årsrapporten for 2016 melder det statlege Kompetanseteamet mot tvangsekteskap og kjønnslemlestelse at det i fjor var «en generell økning i alle typer saker». Ei av sakstypene handlar om det Kompetanseteamet kallar «ekstrem kontroll». I fjor handsame dei 23 slike saker.

Kaotisk start

– Kontrollen starta då eg var ei lita jente, og blei strammare år for år. Til sist såg eg berre ein veg ut. Eg pakka og reiste frå familien min.

Brått stod den unge kvinna på bar bakke. Nesten. Hjelparar peika på kven ho måtte snakke med. Første stopp blei politiet. Her tok dei vel i mot henne, og peika på neste hjelpar. Familievernet.

Kvinna er i dag innlemma i eit unikt nasjonalt prøveprosjekt mellom eit familievernkontor og ein politistasjon. Målet med prosjektet er å avklare om kontakten med familien kan takast opp att, eller om brotet er endeleg. Men er det endeleg, ønskjer familievernet å få avklart at den unge kvinna eller den unge mannen kan få bu for seg sjølv eller gifte seg med den dei vil - utan å frykte øydeleggjande innblanding frå familien.

– Korleis har du det no, spør barne- og likestillingsminister Solveig Horne.

– Eg har fått hjelp til å handtere situasjonen. I starten var alt kaotisk. Eg strevde med mange dårlege tankar. No går det bra. Eg har folk som bryr seg rundt meg, fortel kvinna.

Møter politiet

Familievernet har ikkje mandat til å kalle inn foreldre til fleire møter dersom dei ikkje ønskjer det sjølv. Difor blir det ofte berre eitt møte der ein drøftar situasjonen til dottera eller sonen som har brote ut.

Medan familievernet er ukjent for dei fleste involverte foreldre, er politiet langt betre kjent. Politiet har også autoritet til å kalle inn foreldre til møter når dei får nye opplysningar i saka. Difor stiller foreldra på stasjonen når politiet krev det, viser prøveprosjektet.

Politiet er med på laget fordi det er deira jobb å vurdere tryggleiken til unge. I fleire saker er det blitt sett fram truslar om bruk av vald. Både før den unge rømde, og etterpå.

– I dette prosjektet opplever vi at familieterapeutisk og politifagleg forståing utfyller kvarandre, fortel psykologspesialist Pia C. Aursand. Ho hjelper kvinna med å få fast grunn under føtene.

Nasjonalt tilbod

Samarbeidsprojektet mellom familievern og politi starta i januar og går ut året. No arbeider Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) med å få på plass eit forskingsprosjekt.

– Vi vil vite kva effekt samarbeidet har, kva utfallet av meklingsrundane blir. Når vi veit dét, kan vi avgjere om samarbeidet famililievern-politi skal rullast ut i alle regionar, fortel avdelingsdirektør Lena Berndtsson i Bufetat Øst.

LES MER: Ser mørketal om vald 

Utfordrar kontrollen

Vårt Land står på gangen saman med Horne. Den unge kvinna har gått.

– Kva tankar gjer du deg etter møtet?

– Eg blir rett og slett sint. Løysinga blir å stille opp for henne og dei andre som er i tilsvarande situasjonar.

– Kva kan du gjere?

– Vi må gjere familievernet endå betre kjent, for det er hjelp å få. Vi må få barnehagen, skulen og helsestasjonen med på laget, så vi kan få bukt med sterk sosial kontroll.

Prosjektet der familievernet og politiet samarbeider om å finne løysingar som er liv laga for den unge som har brote ut, får statsrådens heilhjarta støtte.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter