Hopp til hovedinnhold


Manglar 30 millionar: Gjer nye vurderingar av ambulansetilbodet i Helse Førde

Helse Førde kan bu seg på meir bråk når dei legg heile ambulansetenesta under lupa, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Det meiner Selje-ordførar Stein Robert Osdal (KrF) og kollega Petter Sortland (Ap) i Høyanger.

– Eg fryktar at det kan bli kamp. For oss er det eit absolutt krav at ambulansen blir i Selje. Dersom det er eit alternativ, så vil vi sjå på organiseringa, seier Osdal.

Manglar 30 millionar

Helse Førde går grundig til verks når dei vurderer framtidig organisering av ambulansetenesta. Skal den halde fram som i dag, kostar det 168 millionar kroner. Det er 30 millionar kroner meir enn føretaket får frå Helse Vest til tenesta.

Fagmiljø og representantar for både kommunar og brukarar skal inn i prosessen.

– Det er gledeleg at dei tek kommunane med på råd, for det var grunnen til at det vart ramaskrik då Helse Førde sist såg på ambulansetenesta, seier Osdal.

Budd på engasjement

Helseføretaket har fått kritikk for å ikkje inkludere kommunane i vurderingane.

Konstituert administrerande direktør i Helse Førde, Børge Tvedt, ser ikkje vekk frå at det kan bli turbulens som i Askvoll.

Les meir om saka hjå NRK