- Fram til no er det sett i gang åtte store forskingsprosjekt, men om kort tid vil me kunngjera tre heilt nye forskingsprosjekt innanfor ramma til UiO: Norden. Det opplyser direktør Tore Rem til Uniforum.
Dei som tenkjer tverrfagleg om Norden kan få pengar
Sidan han starta i jobben i august, har han vore oppteken med å få gjort forskingssatsinga endå meir synleg både innanfor og utanfor Universitetet i Oslo. Nettt no vil dei gjerne ha inn søknader på pengar som er øyremerkte til seminar, konferansar, og formidling som har Norden som tema.
- For oss er det viktig å få inn søknader om prosjektidear frå heile universitetet. Eg er opptatt av at me skal vera til for alle som tenkjer tverrfagleg og er opptatt av Norden, ikkje berre dei som har fått midlar til store prosjekt, seier Tore Rem til Uniforum. Saman med han i administrasjonen i P.A. Munchs hus på Blindern sit det ein adminstrativ leiar, ein halv kommunikasjjonsmedarbeidar og ein vitskapleg assistent i 30 prosent stilling.
Forskingsprosjekta som ligg under paraplyen