Chris Jespersen er blitt sjuk igjen og stilte ikkje til start i Lahti i dag.
Chris Jespersen. ARKIVFOTO

På lag med Northug jr.

Chris Jespersen (33) får ein ny giv i skisatsinga. Nå blir skåneviksbuen Petter Northug jr sin treningspartnar etter at veslebror Thomas gir seg i langrennssporten. Målet er OL 2018 i Sør-Korea for duen.

Jespersen har dei siste sesongane stått utafor landslaget og har satsa på langløp. 33-åringen har nok av merittar til at han i godt slag kan koma sterkt attende i det internasjonale langrennssirkuset.

Det var Adresseavisa som ført omtalte saka. NRK meldte onsdag at Chris Jespersen får draumejobben med å vera sjølvaste Petter Northug jr. sin nye treningskamerat i jakta på gullforma til neste års OL. Det betyr eit nært og tett samarbeid med verdas mest profilerte skiløpar i tida framover.

— Eg har veldig tru på at dette samarbeidet kan føra meg til OL. Det kan bli veldig bra for begge oss. Me har begge lyst til å slå hardt tilbake, seier Jespersen til NRK.

Signert av Coop

Northug er kjent for å gå sine eigne vegar og har valt å stå utafor landslaget, noko han gjer med heller å satsa på sitt eige private landslag. Då veslebror Thomas Northug meldte at han legg karrieren på hylla, var Jespersen frampå og forhøyrte seg. Northug likte ideen og nå har hovudsponsor Coop signert ein avtale med skåneviksbuen for eitt år.

33-åringen har ikkje skap virak i skisporet dei siste sesongane, men har vist at i toppform kan vera i verdseliten. I Tour de Ski i 2013/14-sesongen blei Jespersen nummer to, og OL i Sotsji for vel tre år sidan blei han beste nordmann på ein sjetteplass på 15 kilometer klassisk.

Som Petter Northug jr. har Jespersen lagt ein tung sesong bak seg, men meiner at dei to trønderbaserte løparane passar godt i lag.

— For det første trivest me veldig godt saman. Eg trur det blir veldig morsamt å dra rundt på samlingar. For det andre har me ulike styrkar som me kan utnytte – der eg er veldig svak er han veldig god, og motsett, seier Chris Jespersen til NRK.