Årets vinnarar, Mathias Hesjedal (Nr. 15) og Bettina Øye Guddal (t.h) la seg i front frå start.

27. Åkraløpet nok ein suksess!

Årets utgåve av Åkraløpet, som også i år var ein del av Kvinnheradkarusellen, lokka totalt 213 deltakarar fordelt på dei ulike klassane.

Årets vinnarar av det tradisjonsrike løpet vart Mathias Hesjedal frå Loddefjord IL og Bettina Øye Guddal frå Rosendal TL. Hesjedal, som har bestefar, bestemor, tante og onkel frå bygda vart klokka inn på tida 11.33 og slo dermed Magne Årthun Bergane med eitt sekund. Øye Guddal, som er født i 2007, kom i mål på tida 14.01. Ho vant dermed klassen 10-16 år, og vart også beste kvinnelige løpar totalt.

For fleire bilete og resultat, sjå tysdagens avis.

Artikkelen held fram under annonsen.