Johnny Furdal herja tidvis mot Brann i kveld. (Foto: Marius Nissestad).

Furdal & co dominerte, men tapte

Johnny Furdal og Nest-Sotra overkøyrde Brann i heile fyrste omgang, men fekk ikkje ballen i mål. Midtvegs i andre omgang gav dei i staden Brann to kolossale gåvepakkar.

Onsdag kveld spelte Nest-Sotra cupkamp mot sjølvaste Brann heime på Ågotnes. Kampen vart sendt direkte og gratis på NRK.no for dei som ikkje sjølve tok turen til Sotra. 1515 publikummarar var til stades, deriblant ein del kvinnheringar som ville følgja Nest sin største profil gjennom tidene, omvikdelingen Johnny Furdal.

Furdal dominerte både på banen og hjå kommentatoren til NRK. Der vart det fleire gonger stilt spørsmål ved kvifor ikkje større klubbar enn Nest hadde henta midtbaneeleganten. Sogndal sin sportsdirektør Håvard Flo vart sitert på at dei fleire gonger hadde vore på nippet, men at det av ulike grunnar aldri hadde gått i orden.

Artikkelen held fram under annonsen.

I fyrste omgang var Nest-Sotra klart best, og nærmast leika seg med Brann. Diverre kom ikkje grøntrøyene nærare enn tverrliggjaren. Etter pause vart det mest stillingskrig, heilt til det 66. minutt då Nest sin keeper var på ein grusom bærtur og Jakob Orlov enkelt kunne laga 0-1. Berre fire minuttar seinare kom det ein ny forsvarstabbe, og 0-2 ved Orlov.

Dermed er cupeventyret over for Johnny Furdal, Rune Mo og resten av Nest-Sotra for denne gong.

Grenda var til stades på Ågotnes, og kjem tilbake med ein større reportasje, intervju og bilete i neste veke.