I år kan du gleda deg til å høyra Lars Monsen på Festidalens næringslivsseminar. (Foto: Wikipedia/Eirik Helland Urke)

Lars Monsen til Festidalen

Festidalen har offentleggjort programmet for årets næringslivsseminar, og i år set arrangøren fokus på dei som bidreg til å skapa eventyr for deg og meg.

Gjennom seminaret, som vert fredag under festivalen, får du møte aktørar som på kvar sitt vis gjev oss tilgang til det vidstrakte fedrelandet vårt og korleis ein kan nytte seg av det, og samstundes leve av det.

Det største trekkplasteret under årets seminar, og som ikkje treng store presentasjonen, er den folkekjære barskingen, Lars Monsen. Mannen som har meir enn 4.000 døger i soveposen, og som mellom anna har gått Noreg og Alaska på langs, Canada på tvers, og som har delt mange av sine naturopplevingar gjennom ulike tv-program, er ein inspirerande og god føredragshaldar. Under næringslivsseminaret vil han dela av sine erfaringar, om korleis setje seg høge mål, tore å vera annleis, tøye eigne smertetersklar, samstundes som ein skal vise lagånd, halde på gode verdiar og så mykje meir. Føredraget heiter «Alt (faktisk) er mulig», og det vert nok ein høgdare for dei som stiller opp.

Artikkelen held fram under annonsen.

 

Ulike reiselivsaktørar

NCE Tourism – Fjord Norway vil også ha innlegg under seminaret. «Norway in a nutshell» har vorte eit omgrep mange er kjend med. Fjord Norway har sett det ut i livet, og står bak ei eventyrleg satsing på dei fire vestlandsfylka. Selskapet har som mål av seg å verta det mest profesjonelle destinasjonsselskapet in Europa, og gjera Fjord Noreg til verdas mest attraktive resiemål for natur og opplevingsferiar. No kjem dei hit, og vil setja Uskedalen på kartet.

Ekteparet Sjur og Laila Langesæter har etablert selskapet Rosendal Event. Under seminaret får ein moglegheit til å møte paret, som har våga å følgje draumen om å gjera det ein likar aller mest og samstundes ha det som levebrød. Også Color line og Bergen 2017 kjem for å halde innlegg under seminaret. Sistnemnte aktør er arrangøren av årets verdsmeisterskap på sykkel som skal gå føre seg i den vestnorske hovudstaden til hausten.