Meirso countryband er populære. Fredag 16. juni skal dei spela på Sunde. (Arkivfoto).

Ny festival på Sunde

Den 16. til 18. juni går nyskapninga «Sundesprell» av stabelen. Då vert det mellom anna underhaldning med Matti Røssland, Stephen Ackles og Meirso.

Dei fleste lag og organisasjonane på Sunde har gått saman for å laga festival. Resultatet er Sundesprell.

– Folk seier ofte til meg at det er så dødt på Sunde, seier Kjell Magne Stråbø i ei pressemelding. Han er ei av eldsjelene på Sunde, dagleg leiar i Sunde Kyst- og Litteratursenter og pensjonert lærar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette kjenner eg meg ikkje igjen i. Det skjer veldig mykje på Sunde, men ein må vera aktiv og søkja informasjon om kva som skjer. For å fritt sitera Mark Twain; «rykta om at Sunde har døydd er sterkt overdrivne». For å visa kva som rører på seg her i bygda, har vi no samla nokre av dei mest aktive laga og organisasjonane for å feira dei aktivitetane som finst. Ut frå dette samarbeid kan vi kanskje klara å skape noko nytt, seier Stråbø.

 

Fengande country

Sunde Kyst- og Litteratursenter, med forfattar Lars Amund Vaage i spissen, tok initiativet. Under namnet «Strandstaden Sunde» fekk dei med seg alle lag og organisasjonar til å søkja om «Liv OG Lyst»-midlar hjå Hordaland Fylkeskommune. Føremålet er å styrkja lokalsamfunnet i brei forstand, med omsyn til lokal identitet, bulyst og lokalt næringsliv.

– Sundesprell skal ikkje berre vera for Sundefolk, men for alle som føler ei tilknyting til regionen vår og som er glad i at ting skjer. Vi har lyst til at Sundesprell skal bli eit årleg arrangement, og det skal vera noko for ein kvar smak, seier ei anna eldsjel, Stian Olderkjær, i pressemeldinga.

Han ramsar opp programpostar som palleløp, båtsnikring, ansiktsmaling, redningsskøyta «Elias», lykkehjul og overraskingar. Konsertar vert det også. På fredagen blir det underhaldning i båthamna med det lokale bandet Meirso, som spelar fengande countrymusikk. Dagen etter vert det meir svingande tonar.

– I år er vi så heldige at vi har fått tak i Stephen Ackles og Matti Røssland til å spela i Sunde båthamn, seier Heidi Lee, som er leiar for Sunde Grendalag.

 

Artikkelen held fram under annonsen.

Gamleskulen

Grendalaget fekk som kjent kjøpa gamleskulen på Sunde, og er i desse dagar fullt oppteke med å pussa opp den gamle og historiske bygningen. Her blir det rusfritt ungdomsarrangement fredag kveld med rapparen og valebuen Bjarne Trondsen, kjend under artistnamnet C-T. Han har fått med seg General Chesz for eit forrykande show for ungdomen.

– Det blir ope for unge i alle aldrar, men om du er under 12 må du vera i følgje med ein vaksen, forklarar Kari Anne Olderkjær, butikksjef for Eurosko på Husnes. Ho skal leia den nye ungdomsgruppa til Sunde Grendalag.

På sundagen blir det ei historisk vandring opp til Fenafjell. Turen endar opp på Gamleskulen på Sunde, der det blir kafé og formidling av lokalhistorie med Johanne Øvstebø Tvedten.