Martha Kroka og Søndagsskulen var blant dei 37 som hadde stand på førre fritidsmesse, i april 2016. (Arkivfoto).

Ny fritidsmesse til hausten

Store og små lag og organisasjonar av alle slag, som til dømes idrettslag, klubbar, turlag, helselag og hobbyaktivitetar, må merka seg datoen 16. september.

Då vert det nemleg skipa til ny fritidsmesse på Husnes.

– Fritidsmessa er eit unikt høve til å profilera dykkar lag/organisasjon og verva nye medlemmar. Målet vårt er å vise fram mangfaldet av fritidstilbod i heile kommunen, vert det opplyst i ei pressemelding frå Kvinnherad kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Arrangementet skal gå føre seg i lokala til Kvinnherad kultursenter, det vil seia ungdomssenteret, kulturhuset, kulturskulen og biblioteket. Det vert stands både ute og inne.

– Vi oppmodar dykk alle til å ha ein levande stand med demonstrasjonar og utprøving av aktivitet, konkurransar, gratisprøver eller liknande. Det vert pengepremie til beste stand, lokkar tilskiparane.

Påmeldingsfristen er sett til 4. september.