Anders Totland er tildelt endå ein pris for boka "Engel i snøen".

Ny pris til Anders Totland

Nynorsk barnelitteraturpris 2016 går til valebuen Anders Totland for boka «Engel i snøen». Det er Noregs Mållag som deler ut prisen, som er på 30.000 kroner.

Gudrun Kløve Juuhl, Marthe Frette og Knut Åge Teigen har sete i juryen.

– Sjølve lesinga av vinnarboka tek ikkje lang tid, men inntrykka sit lenge att. Ein sår og sterk roman som tek ungdom på alvor, skriv juryen mellom anna i grunngjevinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Der står det vidare: «Vinnaren av Nynorsk barnelitteraturpris 2016 har skrive ein stillferdig ungdomsroman om eit av dei store tema i litteraturen, døden. Boka er kort og lettlesen, men forfattaren klarar å formidla mykje varme, trøyst og refleksjon i den 80-sider lange forteljinga både i og mellom linjene. Sjølv om tematikken er tung og boka stillferdig, er boka tilgjengeleg for mange fordi ho ikkje er fullpakka med tekst. Boka imponerer fordi ho nærmar seg døden på ein lågmælt måte, med respekt for forteljaren og det ho ikkje vil snakka om. Boka har mykje vemod i seg, men vert aldri for sentimental.»