«NKT Victoria» er kåra til årets skip. Palfinger Marine er ein av dei sentrale underleverandørane til skipet. (Foto: NKT).

– Stolt leverandør til Årets skip 2017

Palfinger Marine har levert vinsjar, kranar og livredningsutstyr til «NKT Victoria», skipet som på tysdag var kåra til årets skip av bransjebladet Skipsrevyen.

Det var under ein seremoni på Nor-Shipping-messa i Oslo at det nye og toppmoderne kabelleggingsfartøyet «NKT Victoria» vart annonsert som vinnar av Årets skip-kåringa. Den årlege prisen går til eit norskbygd fartøy som representerer innovasjon, meirverdi og teknologiske framsteg.

– Palfinger Marine sender dei hjartelegaste gratulasjonar til skipseigar NKT, byggeverftet og designfirmaet som står bak Årets skip 2017. Vi er stolte av å vera ein av leverandørane til «NKT Victoria». Gjennom den omfattande dekksutstyrspakken bidrar vi til å auka tryggleiken og den operasjonelle effektiviteten til fartøyet, seier sals- og marknadsføringsdirektør Bjørn Sturle Hillestad i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

 

Merittliste

Palfinger Marine har ei sterk merittliste som leverandør til Årets skip. Berre dei fire siste åra har selskapet utstyrt dei tre prisvinnarane i 2017, 2015 og 2013, samt fleire av dei andre nominerte fartøya. Til «NKT Victoria» leverte dei ein pakke beståande av vinsjar (anker og fortøyingsvinsjar, 6-punkts fortøyingsvinsj-system, A&R vinsjar, samt vinsjar for varierte arbeidsoppgåver på kabeldekk), to kompakte, allround dekkskranar, to heilt lukka livbåtar med tilhøyrande davitar, samt éin davit til utsetting og opphenting av redningsbåt.