Ja til nytt sjukehusbygg i Haugesund

Styret i Helse Fonna vedtok i dag planane for nytt sjukehusbygg i Haugesund. Forprosjektrapporten skal legge grunnlag for anbodsførespurnad. Går alt etter planen blir det byggestart ved årsskiftet. Første byggetrinn er på heile 18 000 kvadratmeter.

Margareth Langebro
Publisert 03.04.2017
Sist oppdatert 01.03.2024

Først skal saka behandlast av styret i Helse Vest, deretter må det godkjennast lånefinansiering via statsbudsjettet for 2018. Tidlegare er idèfase og konseptrapport vedteke av styret i både Helse Fonna og Helse Vest. Nå er det forprosjektet som må godkjennast regionalt.

-Det er utført eit godt og solid arbeid i forprosjektet, seier styreleiar Kjell Arvid Svensen. Han rosar dei over 200 medarbeidarane som i tillegg til sin ordinære jobb i sjukehuset deltek i arbeidet med å gi innspel til romutforming, utstyr og ikkje minst organisatoriske løysingar i det nye bygget. Både operasjon, føde, intensiv, laboratorie og akuttmottak skal flyttast i nytt sjukehusbygg. I tillegg blir det ombyggingar i omlag 6000 kvadratmeter av eksisterande sjukehusbygg. Det er mange detaljer som er kvalitetssikra før mogleg spadestikk før nyttår. Målet er å sikre gode løysingar for både pasientar og medarbeidarar.

Økonomisk bereevne

Det er føretatt ei kvalitetssikring av den økonomiske bereevna i føretaket i lys av forprosjektrapporten. Dette er viktig for å sikre at det er økonomisk handlingsrom for å bygge nytt i Haugesund. Gjennomgang viser at føretaket kan bygge for 1,8 milliardar i første byggetrinn. Byggetrinn to kjem seinare og vil ha ei kostnadsramme på 1,5 milliardar kroner.

-Det er god drift og overskot dei siste åra som gir grunnlag for utbygginga, seier Svendsen. Helse Fonna dekker 30 prosent av byggekostnaden som eigenkapital, dei resterande 70 prosent ber ein om lånefinansiering på via statsbudsjettet for neste år. I 2016 hadde Helse Fonna eit overskot på 54,6 millionar kroner.

Redusert ventetid

Gjennomsnittleg ventetid i februar for alle behandla pasientar var på 55 dagar. Det er under kravet. I 2016 sank ventetida for pasientane. Det blir gjort eit kontinuerleg arbeid for å sikre at pasientane får behandling innan frist, tal for fjoråret viser likevel at ein av 100 pasientar ikkje får behandling innan  den frist som er sett.

I 2016 var det samla omlag 200.000 besøk på poliklinikkane i føretaket. Det var meir enn 32.000 innleggingar i sjukehusa. Kreftpasientar  som får rask diagnose og behandling i såkalla «pakkeforløp» fekk i hovudsak behandling innan standard forløpstid. Tala frå Helsedirektoratet viser at i Helse Fonna var 87 prosent av pasientane med nye krefttilfelle inkludert i eit pakkeforløp, det er langt betre enn målkravet. 80 prosent av kreftpasientane blei behandla innan standard forløpstid.

-Redusert ventetid og rask diagnostisering og behandling av kreft er svært viktig for pasientane, seier Svendsen. Han og styret er nøgde med det systematiske og kontinuerlege arbeidet som blir gjort av medarbeidarane i sjukehusa for å få dette til.

Forsking

Det skjer mykje god forsking i Helse Fonna. To sjukepleiarar disputerte i fjor for doktorgraden ved universitetet i Bergen. To forskarar fekk pris for sitt arbeid. Den eine var Helse vest sin innovasjonspris, den andre Helse Vest sin kvalitetspris. Føretaket blei tildelt eitt PhD stipend og eit post-doc stipend. I tillegg er tre fleirårige prosjekt vidareført og det er i alt sju stimuleringsstipend som er tildelt for å motivere for forsking. Dette viser god aktivitet i forskingseininga som i dag har fire kandidatar i doktorgradsprogram med prosjekt i Helse Fonna. I 2016 blei Helse Fonna kreditert 57 vitskaplege publikasjonar-

-Forsking er ei lovpålagt oppgåve og det er spennande å fylgje den utviklinga som skjer, seier styreleiar Svendsen. Føretaket opplev at forsking er attraktivt når de gjeld rekruttering av dyktige fagfolk.