Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

No kan du sjå kven som har opna journalen din

For eitt år sidan fekk pasientar i Helse Vest tilgang til å sjå pasientjournalen sin på nett. Sidan da har over 650 000 pasientar nytta seg av tilbodet, og tilbakemeldingane er positive. No blir løysinga utvida med det vi kallar "Tilgangslogg". Det er ei oversikt over kven som har opna journalen din.

Tove Sæther Hagland
Publisert 24.05.2017

tilsynslogg.png

Sånn ser det ut når du loggar deg inn på helsenorge.no. Viss den tilsette har opna nokre av dokumenta i journalen, vil dette visast under «handlinger» heilt til høyre. Under «Bakgrunn for innsyn» står den beslutningsmalen som er vald for det aktuelle oppslaget.

Å tilby tilgangsloggen på nett er eit naturleg neste steg etter at vi opna opp for at pasientar kunne sjå journalen sin på nett, seier Ole Jørgen Kirkeluten, som er prosjektleiar for Min pasientjournal.

Han legg til:

– Alle pasientar skal vere trygge på at pasientinformasjonen deira blir handert på ein god måte, og dei skal oppleve å ha kontroll over sine eigne personopplysningar. Å legge tilgangsloggen på nett er enda eit viktig skritt i retning Pasientens helseteneste.

Det er oppslag gjort i journal etter 1. mars 2016 (somatikk) og etter 12. september 2016 (rus/psykisk helsevern) som vil visast på nett.

Difor opnar dei journalen din
Det kan vere mange grunnar til at ein tilsett treng tilgang til journalar. Det kan vere for å booke om timar, endre på rom eller legar, legge til prøvesvar som nett er kome inn eller rette opp feil.

Det er også IT-arbeidarar som er inne i journalar, i forbindelse med vedlikehald på det elektroniske pasientjournalsystemet eller som brukarstøtte for helsepersonell.

I slike tilfelle vil ofte journalen vere opna utan at nokre av journaldokumenta er opna.

Rett til å få ein forklaring
Alle tilsette skal ha ein grunn for å opne pasientjournalen din. Den grunnen vil stå under «Begrunnelse for innsyn» heilt til høgre i Tilgangsloggen.

Etter Personopplysningslova (§18)  kan du krevje ei forklaring på kvifor det er gjort oppslag i journalen din. Generelle spørsmål om tilgangslogg kan du ta på telefon, men har du spørsmål om eit spesifikt oppslag, må du fylle ut eit skjema og sende til sjukehuset.  

Skjema og kontaktinformasjon til sjukehuset ditt finn du på helsenorge.no.Meir informasjon om Min pasientjournal og TilgangsloggLogg inn på Min helse på helsenorge.no

eldre.jpg