LG-2016-101975

InstansGulating lagmannsrett – Dom
Dato2017-05-02
PublisertLG-2016-101975
StikkordJordskifte. Fiskerett. Ferskvann.
SammendragFleirtalet i jordskifteretten hadde kome til at ein tidlegare husmannsplass, som på 1700-tale vart oppretta med eige gardsnummer, hadde fiskerett i Årdalselva. Lagmannsretten kom etter ei samla vurdering av bevisa i saka til at eigedomen ikkje hadde andel i felles fiske i elva.
SaksgangSør-Rogaland jordskifterett JSTA-2015-198447 – Gulating lagmannsrett LG-2016-101975 (16-101975ASD-GULA/AVD2).
Om rettskraft
ParterDagfinn Svadberg Hatløy, Liv Karin Fjermestad og Tårn Sigve Schmidt (for disse: advokat Sindre Oftedal) mot Morten-Aleksander Garheim (advokat Andreas Brown) og Per Birger Bringedal.
ForfatterLagdommar Ole-Arne Linga, jordskiftelagdommar Vidar Bergtun og ekstraordinær lagdommar Jon Høyland.
Henvisninger i teksten Hevdslova (1966) | Tvisteloven (2005) §20-2, §20-9

Saka i lagmannsretten gjeld anke over dom sagt av Sør-Rogaland jordskifterett den 6. april 2016 i sak 15-198447RFA-STA. Tvisten i saka gjeld om gnr. 140 bnr. 1 har fiskerett i Årdalselva (heretter Storåna) i Hjelmeland kommune.

Ut frå kjeldene framlagt i denne saka, var Stølen ein husmannsplass på Svadberg fram til ein gong på 1720-talet. Garden vart då tildelt eige matrikkelnummer, matr. nr. 73 eller 79, medan Svadberg hadde matr. nr. 22. Stølen fekk i denne samanheng også ½ laup smør i skatteskyld. Det ser ikkje ut som om Svadberg fekk redusert si skatteskuld i samband med opprettinga av Stølen som eiga matrikkeleining. Svadberg hadde 3 laup i skyld både før og etter opprettinga av Stølen.

Det er ikkje framlagt noko stiftingsgrunnlag for garden Stølen, men den er omtala flaumskadeskjøn frå 1726, samt i utskiftningar frå 1862 og 1870-72. Det har gjennom tidene vore ulike eigarar og brukarar av Stølen og garden har i ein periode også vore delt i to jamstore bruk. Frå 1700-talet og fram til midten av 1800-talet kan det sjå ut til at det var leiglendingar som bygsla og dreiv jorda. Etter skøyte i 1856 og 1859 kan det sjå ut til at Hans Ormsen vert den første som både eig og driv begge bruka på Stølen samstundes.

Fisket under Svadberg har i lange tider vore uteleigd. Det er framlagt ei rekkje kontraktar som gjeld utleige av fisket i Storåna under Svadberg. Stølen er ikkje part i desse kontraktane. Partane er usamde om det har føregått fiske frå Stølen parallelt med desse leigekontraktane. Fisket under Svadberg er i dag utleigt til fiskeklubben Salmo Salar for ei årleg leige på kring 150 000 kr eksklusiv meirverdiavgift.

I 2015 krov eigar av Stølen, Morten-Aleksander Garheim, sak for Sør-Rogaland jordskifterett for å få avklara om gnr. 140 bnr. 1 har fiskerett i Storåna og i fall kor stor del av fisket som låg til bruket.

Fleirtalet i jordskifteretten kom i sak 15-198447RFA-JSTA til ei slik slutning, den 6. april 2016:

1.Gnr. 140, bnr. 1 i Hjelmeland kommune (1133) har fiskerett Årdalselva, sammen med gnr. 139, bnr. 1, 2, 3, 10, 19 og gnr. 140 bnr. 3.
2.Gnr. 140 bnr. 1s andel er 1/6.
3.Erstatning for saksomkostninger tilkjennes ikke.

Denne avgjerda vart påanka av Liv Karin Fjermestad, Dagfinn Hatløy og Tårn Sigve Schmidt ved advokat Sindre Oftedal i anke datert 6. mai 2016. Ankemotpart Morten-Aleksander Garheim har ved advokat Andreas Brown gjeve anketilsvar. Ankeforhandling var halde i Stavanger tinghus den 23. mars 2017. Utanom partane høyrde lagmannsretten tre vitne. Om ankeforhandlinga elles, vert det vist til rettsboka.

Ankande partar (Svadberg) sitt påstandsgrunnlag:

Det vert prinsipalt gjort gjeldande at Stølen aldri har hatt fiskerett i Storåna. Hovudregelen i norsk rett er at fiskeretten tilhøyrer grunneigar til elv og vassdrag, om ikkje anna føl av avtale eller særlege rettstilhøve. Det er den som påstår å ha fiskerett, utan sjølv å vera grunneigar som må sannsynleggjere at ein slik rett eksisterer. Sjølv om det er nok med alminneleg sannsynlegheitsovervekt, har rettspraksis oppstilt eit særskilt kvalitetskrav til bevisa i slike saker. Det må kunna synast til konkrete og bevisbare tilhøve.

Det er partane frå Svadberg som er eigarar inn mot Storåna. Garden Svadberg er ein gammal storgard og fisket har vore ein viktig del av ressursgrunnlaget. Garden Stølen ligg på ei hylle om lag 200 meter over havet. Denne garden eig ikkje til Storåna og det føreligg heller ingen avtalar eller særlege rettstilhøve som kan gje Stølen del i fisket. Ein har i saka ikkje kunna skaffa dokument som skildrar stiftinga av Stølen.

Det må vektleggjast at Stølen aldri har teke del i fisket i Storåna, korkje gjennom utleige eller ved eige fiske. Det er heller ikkje ført bevis for at Stølen har kravd å få ta del i fisket i elva før jordskiftesaka vart kravd i 2015. Svadberg har leigd ut fiskerettane i elva frå 1889 og fram til i dag. Av kontraktane går det fram at utleigarane garanterer for at det ikkje er andre som har fiskerett i elva. Stølen har ikkje fått, eller kravd å få del i desse leigeinntektene.

Då Svadberg delte frå fall- og fiskerettane i elva i 1914, var ikkje Stølen part i dette. Dette må sjåast i samanheng med at Stølen deltok som part i avtalen som omhandla fall- og fiskerettar i fjellområdet Storhidler. Det er grunn til å tru at desse avtalane vart inngått same dag og i same lokale. Det er difor grunn til å tru at eigar av Stølen var klar over avtalen som omhandla Storåna, og at han ville ha reagert dersom han meinte å ha rettar der.

I kraftutbyggingsskjøna på 1950 og -60 talet vart det også tilkjent erstatning for tapt fiske til Svadberg utan at Stølen kravde å få ta del i dette.

Vidare må det leggjast vekt på at Svadberg ikkje fekk redusert si skatteskyld då Stølen vart oppretta som eige matrikkeleining. Stølen fekk heller ikkje redusert si skatteskyld etter storflaumen på 1700-talet. Skaden i elva var då øvst oppe i grensa mot Soppaland.

Utskiftninga frå 1870-72 seier ikkje noko anna enn at fisket var uendra av utskiftninga. Det er skildra at fisket er felles. Den naturlege tolkinga av dette er at fisket var felles mellom dei to hovudbruka og loddeigarane som var dei reelle partane i denne utskiftninga. Det var også desse to som delte utgiftene med denne utskiftninga. Stølen er berre med i denne utskiftninga på grunn av ein avgrensa beiterett som vart erstatta med litt meir beite i fellesmarka. Dersom Stølen skulle ha vore medeigar i området ned mot elva med 1/6, verkar det urimeleg at dei då ikkje vart utlagt med ein eigedom i denne del av skiftefeltet, men i staden fekk beiterett for om lag 2,5 ku i fellesmarka. Framlagde historiske kjelder frå perioden før utskiftninga tilseier også at Svadberg var åleine om fiskeretten ut for eige land langs Storåna.

Utskiftninga frå 1862 var ei minneleg utskiftning av skogen, der Stølen sine skogteigar vert skildra. Etter Svadberg sitt syn har Stølen aldri vore eigar eller medeigar til område som ligg ned mot Storåna.

Om Stølen har hatt fiskerett, så er denne falle bort ved ekstinksjon. Som del av avtalen frå 1908, vart det i 1914 skyldsett to «åbruk» (bnr. 3 og 4) som omfatta fallrettane og fiskerettane på Svadberg. Desse «åbruka» vart skøytt til A/S Lysefjord, som då i så fall ekstingverte Stølens eventuelle rettar.

Svadberg har åleine disponert over fiskerettane i Storåna sidan 1889. Svadberg har utleigd fiskerettane utan at Stølen har protestert. Hevdslova sine krav til bruksintensitet og -tid er klart oppfylt. Det same gjeld kravet om god tru.

Som eit siste grunnlag vert det gjort gjeldande at Stølen sin eventuelle fiskerett er falle bort ved festna rettstilhøve. Eit slikt grunnlag er ulovsfesta, men like fullt gjeldande rett. I dette tilfellet har Svadberg åleine disponert over fiskerettane i ein periode på 125 år, utan at Stølen korkje faktisk eller rettsleg har motsett seg dette, eller sjølv utøvd fiske.

Stølen har i jordskifteretten vunne fram med at dei har 1/6 av fiskerettane på Svadberg, med den grunngjevinga at dette var Stølen sin andel i fellesmarka. Då Stølen vart oppretta, fekk ikkje Svadberg redusert si skyld. Opprettinga av Stølen var såleis ikkje ei skylddeling av garden Svadberg. Verdien på Stølen vart sett til ½ laup smør, medan Svadberg si skyld framleis var 3 laup smør. Såleis er skylda til Stølen 1/6 av skylda til Svadberg, medan Stølen sin del av den samla skylda er 1/7.

Svadberg sin påstand:

1.Gnr. 140 bnr. 1 i Hjelmeland har ikkje fiskerett i Storåna der den støyter til gnr. 139 bnr. 1, 2, 3, 10, 19 og gnr. 140 bnr. 3 i Hjelmeland.
2.Morten Aleksander Garheim vert dømd til å erstatta Liv Karin Fjermestad, Dagfinn Hatløy og Tårn Sigve Schmidt deira sakskostnader for jordskifteretten og lagmannsretten.

Ankemotparten (Stølen) sitt påstandsgrunnlag:

Det har budd folk på Stølen så langt tilbake som til 1600-talet. Det er ikkje funne noko dokument som skildrar opprettinga av Stølen, men garden har fått matrikkelnummer og ½ laup smør i skyld i 1723. Ved taksering etter ein skadeflaum i 1726 går det fram at Stølen utgjer 1/6 del av Svadberg.

Stølen har tidvis vore eigd av brukarar på Svadberg. Men i 1859 er det Hans Ormsen som eig begge bruka på Stølen. Han var svigerson til Rasmus Andersen på Svadberg.

Det er viktig at utskiftningane vert lest i samanheng. Utskiftninga på 1870-talet går over tre møter. Det er Anders Rasmussen på Svadberg som har kravd saka. Ved oppgåing av yttergrensene for skiftefeltet, er det lett å sjå at Stølen ligg innanfor dette skiftefeltet.

Store deler av skiftefeltet som vert utlagt var felles utmark som grensa ned mot Storåna. Dette gjeld områda som er skildra som Buhagen, Brekka og Nov. Av utskiftninga går det fram at dette var felles utmark med Stølen. Dette tyder på at Stølen har vore medeigar i utmarka som låg ned mot elva, og at den felles fiskeretten som er skildra i slutten av utskiftinga også omfattar Stølen. Det er berre innmarka og nedre deler av utmarka som vert delt, resten vert liggande att som fellesmark. Stølen går med på å bli erstatta med auka beiterett i fellesmarka, fordi dette er meir praktisk for dei. Det vidare naturleg at kostnadene med denne utskiftninga vart delt mellom dei to bruka på Svadberg som hadde nytte av saka.

Ved fleire av overdragingane av Stølen vert det vist til «tilliggende herligheder», noko som syner at garden har hatt rettar over andre eigedomar.

Utleige av Svadbergs fiskerett har ikkje vore ekskluderande for Stølen sin fiskerett i elva. Heller ikkje opprettinga av «åbruk» til A/S Lysefjord og seinare skjønssaker på 1950 og -60 talet kan tilleggast vekt i denne saka.

I jordskiftesaka frå 2009 var det tvist om fallrettar i Stølsåna. Resultatet i den saka vart at grunnen i fellesmarka låg i sameige, og at fallretten følgde grunneigedomsretten. Stølen fekk då 1/6 av fallrettane i den delen av utmarka der desse var felles. Dette var også i tråd med påstand til eigar av gnr. 139 bnr. 1, Dagfinn Hatløy.

I jordskiftesak over garden Ullestad frå midten av 1980-talet, avgjer retten spørsmål om eit frådelt høgareliggande bruk har fiskerett i Storåna. Jordskifteretten kom her til at bruket hadde fiskerett i elva. I denne domen er det peika på at det er sedvane at frådelte bruk får tildelt fiskerett, sjølv om dette ikkje er nemnd i skylddelinga. Det vart også vist til at ein fiskerett var viktig for å styrka naturalhushaldet. Bruket på Ullestad fekk heller ikkje erstatning i skjøna på 1950 og -60 talet. Vidare vart det vist til at det frådelte bruket på Ullestad var eit gammalt bruk frå 1853. I den samanheng kan det nemnast at Stølen er over 100 år eldre.

Prinsipalt vert det gjort gjeldande at Stølen hadde fiskerett ved opprettinga av denne garden. Stølen har alltid vore ein del av Svadberg og det er naturleg at Stølen har hatt del av ein så viktig ressurs som fisket. Det er forklart at det var tronge kår på Stølen og ein fiskerett vil vera ei naturleg styrking av levegrunnlaget for eigarane av Stølen. Det er ikkje framlagt noko dokument i saka som klart seier at Stølen ikkje har fiskerett.

Stølen har vidare vore medeigar i eit område som grensar ned mot elva. Ut frå stadnamna vil dette utgjere store deler av standlinja til gnr. 139 langs Storåna.

Som eit siste grunnlag vert det synt til at tidlegare eigarar av Stølen har fiska i Storåna i eit slikt omfang og i en slik tidsperiode (frå 1960 og fram til i dag) at dette dannar grunnlag for at Stølen har oppnådd fiskerett ved hevd.

Svadberg har ikkje vore i god tru i høve til å hevda rett til eksklusivt fiske i Storåna. Ein meiner vidare at vilkåra for at Svadberg sitt påstandsgrunnlag om hevd, festna bruk eller ekstinksjon ikkje er tilstades.

Stølen sin påstand:

1.Anken vert forkasta.
2.Dagfinn Hatløy, Liv Karin Fjermestad, Tårn Sigve Schmidt og Per Birger Bringedal vert dømd med solidarisk ansvar til å dekka Morten-Aleksander Garheim sine sakskostander for jordskifteretten og lagmannsretten.

Rettens vurdering:

Lagmannsretten har kome til at gnr. 140 bnr. 1 ikkje har fiskerett i Storåna.

Ut frå dei framlagde bevisa i saka, er det lagmannsretten sitt syn at det ikkje er sannsynleggjort at Stølen har hatt fiskerett i Storåna. Lagmannsretten har i denne samanheng lagt ei viss vekt på korleis Stølen har oppstått som eigen gard.

Sjølv om Stølen må seiast å liggje innanfor Svadberg sitt område, så ser det ikkje ut som om Stølen har oppstått som ei vanleg frådeling av eigedom frå Svadberg. Ved matrikkeltakseringa i 1723 kjem Stølen opp med eit halvt laup med smør i skatteskyld, utan at Svadberg får redusert si skyld. Av matriklane går det også fram at Stølen ikkje fekk eit løpenummer (bruksnummer) under Svadberg, men fekk eit eige matrikkelnummer. Dette tyder på at Stølen har eksistert langt attende i tid, og at den reint matrikulert har vorte handsama noko annleis enn som ei vanleg skyldfrådeling under Svadberg. I og med at Stølen ikkje har eigne heimelsdokument, må ein leggje meir vekt på korleis partane har innretta seg i høve til einannan.

Stølen har gjort gjeldande at det er sannsynleg at dei har hatt fiskerett ut frå behovet for matauk. Lagmannsretten er samd i at Stølen kunne hatt nytte av å ha tilgang til fiske, men ein kan likevel ikkje sjå at bevisa i saka gjer det truleg at dei har hatt ein slik fiskerett. Ein kan heller ikkje sjå at storleiken på Stølen si skatteskyld tilseier at det er sannsynleggjort at Stølen har hatt fiskerett. Av dei framlagde kjeldene ser det ut som at Svadberg ikkje fekk redusert si skatteskyld då Stølen fekk tildelt ein halv laup smør i skyld. Sjølv om det ikkje er avgjerande, er det eit poeng at det hadde vore naturleg å redusere skylda på Svadberg om dei delte fisket med den nyoppretta matrikkeleininga.

Svadberg har synt til rettssaker på 1700-talet som er attgjevne i Årdalsboka. Lagmannsretten finn ikkje grunn til å leggja nemnande vekt på dette sjølv om Stølen ikkje er nemnd i desse sakene.

Det er semje mellom partane i saka om at Svadberg og Stølen har ein del rettar og eigedom i sameige. Dette gjeld mellom anna eit område kalla Storhidler og utmarksområdet sørvest for Stølen. Det sistnemnde området er også handsama i jordskiftesak 1100-2007-0023. Sør-Rogaland jordskifterett kom i den saka til at grunnen i området sørvest for gnr. 139/1 og gnr. 140/1 ligg i sameige og at fallretten føl eigedomsretten til grunnen.

Stølen har gjort gjeldande at påviste sameigerettar i andre område tilseier at det også er sameige i fisket i Storåna. Lagmannsretten kan ikkje sjå at det er grunnlag for å trekkje ein slik konklusjon i dette tilfellet. Sameigerettar som det er semje om i Storhidler og «fellesmarka» er rettar som ein finn att i dokumenta i saka, og bruken av desse områda gjev ein peikepinn på at partane har sett på desse områda som felles for Svadberg og Stølen. Det same kan etter lagmannsretten sitt syn ikkje seiast om fisket i Storåna.

Det er framlagt to utskiftningar frå 1800-talet. Den første er ei minneleg utskiftning frå 1862. I innleiinga for denne utskiftninga går det fram at partane er eigar og brukar av Stølen, matr. nr. 49 (Hans Ormsen Stølen) og eigar og brukar av Svadberg, matr. nr. 48 (Anders Rasmussen). Det må i denne samanheng nemnast at Hans Ormson berre er oppført med skylda til eit av bruka til Stølen og at eigaren av bnr. 2 (løpenr. 118) på Svadberg Lars Pedersen ikkje er nemnd i innleiinga. Utskiftninga skildrar skogteigar som vert tillagt Stølen. Ut frå stadnamna kan det sjå ut til at desse teigane låg i utmarka sørvest for Stølen.

Utskiftinga vert avslutta med fylgjande ordlyd:

Alle ovennævnte Skovteige tilhøre Hans Ormsens Brug i Stølen, den øvrige Skov tilhøre Anders Rasmussens Brug i Svadberg. Det bemærkes at Stølen er herved godtgjort for Skoven i Buhagen Lien og den saakaldte Fælles(s)kov mod begge Brug i Svadberg.

Utskiftninga er underteikna av Anders Rasmussen Svadberg og Hans Øiehavn som var namnet Hans nytta før han tok over Stølen. For lagmannsretten verkar denne utskiftninga noko uklar i og med to partar inngår ein avtale som også ser ut til å omfatte ein tredje part. Det som tykkjest klart er at Stølen har hatt skog eller skogrettar i Buhagen. Sjølv om partane er samde om at området Buhagen ligg ned mot elva, kan ikkje lagmannsretten sjå at ein tidlegare skogrett her for Stølen, kan utleie tidlegare medeigedomrett langs elva eller fiskerett i denne. Det er også uklart for lagmannsretten om ein slik skogrett har røter i etableringa av Stølen som eigen gard, eller om dette var eit tilhøve som stamma frå eigedomsoverføringa av eit av bruka på Stølen mellom Anders Rasmussen Svadberg og Hans Ormsen tre år tidlegare i 1859.

Utskiftninga i 1870-72, med overutskiftning tinglyst i 1874, er ei offentleg utskiftning som er kravd av Anders Rasmussen Svadberg. Føremålet med utskiftninga er «at udskifte af Fælleskab denne Gaards Ind- og Udmark.» Utskiftninga startar i 1880 med å gå opp yttergrensene for garden. Innanfor desse yttergrensene ligg alle areala til Svadberg og Stølen med unnatak av areala i Storhidler som ikkje er nemnde. Året etter vert det framlagt eit jordskiftekart over garden si innmark og den største del av Buhagen. I denne delen av saka går det fram at det er berre dei to hovudbruka på Svadberg som møter som partar eller loddeigarar. Det går vidare fram at skifteplanen i denne utskiftninga går ut på å dela innmarka og den største del av Buhagen i to deler. Lagmannsretten er samd med Stølen i at ein god del av området i jordskiftekartet ikkje er innmark på denne tida. Såleis kan det sjå ut som om store deler av det kartlagde området som ligg til elva er utanfor det som vart rekna som innmark då. Det er likevel lagmannsretten sitt inntrykk at den delen av utskiftninga som galdt det kartlagde området, berre omfatta to partar og at dette var dei to hovudbruka på Svadberg. Det ser ut som om desse vart rekna som eigarar både før og etter utskiftninga av det kartlagde området.

I 1872 held ein fram utskiftninga på Svadberg. Etter at dei nye skiftelinjene på innmarka var utstukne i september, vende ein seg i oktober mot utmarka. No dukkar også eigaren av Stølen opp som part og loddeigar i saka. Utskiftningretten skriv m.a.:

Med Hensyn til Udskiftning af Udmarken oppgaves det nærværende Skyldforhold at være således:

Matr. No 48 Svadberg, Løbe No 117, Anders Rasmussen,

gl. Skyld 2 Bpd 15 Mrk Smør
Ny 3 Daler 3 Ort 18 Skilling

Matr. No 48 Svadberg, Løbe No 118, Lars Pedersen,

gl. Skyld 2 Bpd 15 Mrk Smør
Ny 3 Daler 0 Ort 15 Skilling

Matr. No 49 Stølen, Løbe No 119&20, Hans Ormsen,

gl. Skyld 1 Bpd 12 Mrk Smør
Ny 1 Daler 1 Ort 6 Skilling

Det oplystes dernest, at Svadbergs Udmark, saavel Buhage som den øvrige Udmark laa i Fællesskab mod Gaarden Stølen, hvad Betet, angaar, men da Buhagen, Brækken, Torvhagen og Naav formentlig paa Grund af disse Eiendommes Beliggenhed, alltid har været benyttet af Svadbergs Opsiddere alen, besluttede man under nærverende Udskiftning af Gaarden Svadberg at medtage disse Eiendomme, hvori der skjønnedes at kunne beites til sammen 9 Kjør mod at Stølen for sin efter gamle Skyld tilkommende Anpart i samme erholder Regres ved Beting i den øvrige Fællesmark som hidtil, og dersom denne Fællesmark i Fremtiden skulde vorde udskiftet, hvilket man for nærværende ikke fandt Anledning til, vil Eieren af Stølen have at fordre sig forlods udlagt Bete til 2 4/7 Ko.

Lagmannsretten oppfattar dette som ei avløysing av den beiterett som Stølen hadde i den del av utmarka som låg mellom det området som var kartlagt og den nye yttergrensa for «Fællesmarken» som var oppgått lenger nede i utskiftningsprotokollen. Lagmannsretten finn ikkje grunnlag for å utleie at dette tyder på at Stølen har hatt medeigedomsrett i området langs elva. Ein slik medeigedomsrett, måtte etter lagmannsretten sitt syn, ha gjeve seg utslag i at Stølen vart lagt ut med eigedomspart i denne utskiftninga og ikkje berre som ein utvida beiterett i den felles utmarka som ikkje vart utskifta. Etter avløysinga av beiteretten til Stølen, vert dei to hovudbruka på Svadberg tillagt kvar sin teig i den heimste utmarka (Brekken + deler av Lien til bnr. 1 og Nov + Torvhagen til bnr. 2).

Utskiftninga har til slutt reglar om gjerdehald, vegar og fiskeri. Om det sistnemnde uttalar utskiftningsretten:

Fiskeri i Elven, der er Fælles, og Landslod ved Stranden blev uberørt af denne Udskiftning.

Partane i saka er usamde om dette syner at fisket i elva var felles berre for dei to eigarane frå Svadberg, eller om Stølen også var medeigar i dette felles fisket. Det er lagmannsretten sitt syn at utskiftningsretten her har peika på eit felles fiske i Storåna mellom dei to hovudbruka på Svadberg. Etter lagmannsretten sitt syn er det desse to som er hovudpartar i denne utskiftninga. Stølen har vore inne i saka med beiterett i deler av skiftefeltet. Denne beiteretten vert avløyst. Vidare får Stølen behalda ei slåtte i den teigen som vert utlagt til bnr. 1 i Brekka, og dei vert nemnd i samband med ein driveveg. Ut over dette verkar det som om Stølen ikkje er delaktig i dette skiftet. Ved tolking av innhaldet i denne utskiftninga legg lagmannsretten også vekt på partane sine etterfølgjande handlingar.

Lagmannsretten legg stor vekt på Svadberg si langvarige utleige av fisket. Etter lagmannsretten sitt syn har det ikkje blitt ført konkrete eller vektige bevis for at Stølen har reagert på dette, motsett seg dette, eller at dei sjølve har fiska parallelt med dette utleige. Utleige av fiske frå Svadberg si side er godt dokumentert. Den første kontrakten er inngått i 1888. I denne kontrakten seier partane frå Svadberg seg «ansvarlige for at ingen andre har ret til fiske i nævnte elv, os og fjord paa gaarden Svadbergs grund ... «.

Lagmannsretten har vidare lagt vekt på salet av fiske- og elverettar i 1908. I kontrakten for Storåna, som omfattar både fiskeretten og elveretten, er det berre dei to hovudbruka på Svadberg som har skive under. Medan i kontrakten for Storhidler, som omfattar vassdragsretten, har både dei to hovudbruka på Svadberg og eigaren av Stølen skrive under. Det er lagmannsretten sitt syn at både utleige av fiske frå 1888 og salet i 1908 gjev eit klart inntrykk av at partane si rettsoppfatning, relativt kort tid etter utskiftninga i 1870-åra, var at Stølen ikkje hadde rettar i Storåna. Dette inntrykket vert også forsterka av seinare frådeling av «åbruk» (bruksnummer som berre omfattar fiskerettar/elverettar) i 1914 til A/S Lysefjord, samt vidare utleige av fiskeretten etter at denne fall attende til Svadberg i 1931.

Skjønnsakene i samband med Lyse A/S si vassdragsregulering frå 1950-talet og 1960-talet syner også at det berre er Svadberg som har opptredd som part og fått erstatning for skade på mellom anna fiske. Det er lagmannsretten sitt syn at også dette støttar opp om det inntrykk som fiskeutleige og sal av «åbruk» gjev.

Stølen har synt til at det ikkje er framlagt kjelder som seier at Stølen ikkje har fiskerett. Dette er rett, men det er etter lagmannsretten sitt syn ikkje nok til å tilkjenna eigedomen fiskerett sett i lyset av dei framlagde bevisa i saka. Lagmannsretten kan heller ikkje sjå at saka frå Ullestad gjev god vegleiing i løysinga i denne saka. Bruket på Ullestad (bnr. 4) som vart tilkjent fiskerett, var eit bruk som var frådelt eit av hovudbruka på garden. Frå bnr. 4 på Ullestad hadde det i 1914 også blitt frådelt eit «åbruk». Desse to momenta er ikkje tilstade for Stølen sitt tilfelle.

Stølen har vist til at dei har utøvd fiske i Storåna. Lagmannsretten kan ikkje sjå at det er bevist eit fiske, frå Stølen si side, i eit slikt omfang og i ein slik samanhengande tidsperiode at dette kan få avgjerande vekt i denne saka.

Sakskostnader

Svadberg har vunne saka, og skal etter hovudregelen i tvistelova § 20-2 første og andre ledd få dekka sine sakskostnader av Stølen. Lagmannsretten har vurdert unntaksreglane i same paragraf tredje ledd, og kome til at det for kostnadene i ankesaka ikkje er tungtvegande grunnar som gjer det rimeleg å frita Stølen erstatningsansvaret. Advokat Oftedal har framlagt ei omkostningsoppgåve på kr 163.590,-. Ankemotparten har ikkje kome med merknader til dette og lagmannsretten legg til grunn at desse utgiftene var naudsynte.

Når det gjeld sakskostnader i jordskifteretten skal lagmannsretten leggje sitt resultat til grunn når den avgjer krav på sakskostnader, jf. tvistelova § 20-9 andre ledd. Svadberg skal etter hovudregelen i tvistelova § 20-2 første og andre ledd såleis også få dekka sine sakskostnader i jordskifteretten av Stølen. Lagmannsretten har vurdert unntaksreglane i same paragraf tredje ledd, og kome til at det for kostnadene i jordskiftesaka er tungtvegande grunnar som gjer det rimeleg å frita Stølen erstatningsansvaret. Lagmannsretten tiltrer i denne samanheng jordskiftedommaren si grunngjeving for spørsmålet om sakskostnader i jordskifteretten.

Domen er samrøystes.

Domsslutning

1.Gnr. 140 bnr. 1 i Hjelmeland har ikkje fiskerett i Storåna der den støyter til gnr. 139 bnr. 1, 2, 3, 10, 19 og gnr. 140 bnr. 3 i Hjelmeland.
1.Morten Aleksander Garheim vert dømd til å erstatta Liv Karin Fjermestad, Dagfinn Hatløy og Tårn Sigve Schmidt med kr 163.590,- i sakskostnader for lagmannsretten innan to veker rekna frå forkynning av domen. Erstatning for sakskostnader i jordskifteretten vert ikkje tilkjent.