Annonse

Asylsøkarar tapte ankesak om beviskrav ved fastsetting av alder

Fem afghanske asylsøkarar har tapt ankesaka i Høgsterett, som legg beviskravet til fastsetting av alder på lågaste nivå.

Høgsterettsdommen som fall torsdag, avklarer at det alminnelege beviskravet om sannsynsovervekt, skal leggast til grunn i slike saker.

Dei fem gutane frå Afghanistan søkte asyl i Noreg mellom 26. juli og 1. oktober 2015. Alle fem opplyste at dei var 15 til 16 år gamle. Etter nærare vurderingar, inkludert medisinske aldersundersøkingar, vart søknadene avslått av Utlendingsdirektoratet (UDI).

Klager til Utlendingsnemnda (UNE) førte ikkje fram. Både UDI og UNE vurderte dei fem til å vere eldre enn 18 år.

Vann i tingretten

I Oslo tingrett i 2017 fekk dei fem medhald i at det må finnast kvalifisert sannsynsovervekt før utlendingsmyndighetene kan slå fast at ein person er over 18 år, om personen sjølv gir opp å vere mindreårig.

Afghanarane fekk rettsleg hjelp frå Norsk organisasjon for asylsøkarar (NOAS) til saka, som vart anka til lagmannsretten, der staten ved UNE fekk medhald i april.

NOAS anka vidare til Høgsterett, som no har slått fast at det alminnelege beviskravet om sannsynsovervekt skal gjelde. Retten meinte det ikkje var grunnlag for eit dempa beviskrav, heller ikkje når vurderinga skjedde i eit barnesensitivt perspektiv.

Høgsterett la vekt på at det er tale om eit gjennomregulert rettsområde som har vore gjenstand for vanskelege politiske avvegingar, og der det relativt nyleg er gitt avgjerder som inneber auka vern for einslege mindreårige asylsøkarar.

Den klare føresetnaden til lovgivar har vore at det skal nyttast eit alminneleg beviskrav som følgje av den store risikoen for misbruk av reglane.

Tryggingsmarginar

Det vog vidare tungt at det gjennomgåande er lagt inn tryggingsmarginar i alle vurderingane som blir gjort.

Ein av dei fem afghanarane har seinare konvertert til kristendommen, og har fått opphaldsløyve i Noreg på det grunnlaget.

To av dei vart uttransportert til Afghanistan, men har ifølgje høgsterettsdommen seinare forlate landet. Dei to siste oppheld seg på ein ukjend stad i Europa.

(©NPK)

Høgsterett slår i ein fersk dom fast at det såkalla alminnelege beviskravet om sannsynsovervekt, skal leggast til grunn i saker der det er tvil om alder på asylsøkarar. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix