Annonse

Borgarleg skjebnefellesskap òg ved Frp-exit

Sjølv om Frp skulle gå ut av regjeringa, vil ei Solberg-regjering og Frp stadig vera avhengige av kvarandre for å stabla eit borgarleg stortingsfleirtal på beina.

Annonse

– Viss Frp går ut, har det ingen konsekvensar for samansetninga av Stortinget. Der er det framleis borgarleg fleirtal, seier forskar II Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforsking.

– Det mest sannsynlege er at Erna Solberg (H) held fram som statsminister i ei mindretalsregjering, og at Venstre og KrF blir verande som ein del av den regjeringa. Ei slik borgarleg regjering utan Frp har dei to partia ønskt seg, forklarer han til NTB.

Frp-leiar Siv Jensen har trua med å forlata regjeringa, etter at norske styresmakter mot Frps vilje nyleg bidrog til å henta heim ei IS-sikta kvinne og den sjuke sonen hennar frå Syria.

Saka har utløyst kraftige reaksjonar internt, og Frp-leiinga jobbar no med ei liste med krav til dei tre andre partia.

Kabinettsspørsmål

Bergh får støtte frå professor Bernt Aardal ved Institutt for statsvitskap ved Universitetet i Oslo.

– Det er stor utfordring for det som vil vera att av Solberg-regjeringa, at ho vil vera avhengig av støtte frå Frp mellom anna til budsjettsaker, som er avhengig av fleirtal, seier han til NTB.

– Men for Frp vil det vera ei betre løysing enn at dei bidreg til at Ap og opposisjonspartia tar over makta, legg han til.

Ei eventuell mindretalsregjering kan framprovosera eit slikt scenario ved å stilla kabinettsspørsmål. Då vil Frp måtta ta stilling til om partiet vil halda på ei borgarleg regjering, eller i praksis setja inn ei regjering som truleg blir leidd av Arbeidarpartiet.

– Det vil ikkje bli nokon heilt enkel situasjon for Frp. Ei mindretalsregjering med tre parti har det riset bak spegelen at ho kan stilla kabinettsspørsmål, seier Aardal.

Som kjent er det ikkje aktuelt med nyval i Noreg, ei løysing som ville vore høyaktuell i mange andre land i ein slik situasjon.

Kompromiss

Fleire kommentatorar har peika på at eit Frp som slit på meiningsmålingane og gjorde eit elendig lokalval i fjor haust, vil få ei betre moglegheit til å blankpolera sin eigen profil utanfor regjering.

– Eg trur det ville vore lurt for det borgarlege laget, sa leiar Magnus Marsdal i Manifest, tankesmia for venstresida, til NRK fredag.

– Dei vil få ei moglegheit til å byggja seg opp, meiner VGs politiske kommentator Tone Sofie Aglen.

Men ekspertane peikar på at dette kan bli vanskeleg, all den tid ein framleis må inngå kompromiss med regjeringa som blir att.

– Det er veldig lett å sjå for seg at det blir konfliktar igjen mellom KrF og V på den eine sida og Frp på den andre når ein skal forhandla igjen, seier Bergh.

Bergh ser på dette aspektet som eit argument for at Frp bli verande i regjeringa.

Samtidig kjem Frp til å bera med seg at partiet har sete i regjering i over seks år, noko opposisjonen og media konstant vil minna partiet om, påpeikar Aardal.

(©NPK)

Finansminister og Frp-leiar Siv Jensen trua denne veka med å forlata den borgarlege fleirtalsregjeringa.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix