Annonse

Byrådsleiar Johansen ser ikkje bort frå at Oslo kan måtte isolerast

Oslos byrådsleiar Raymond Johansen kan ikkje sjå bort frå at grensene rundt byen må stengjast for å hindre smitte, men seier det ikkje er ei aktuell problemstilling no.

Annonse

– Det er mange ting eg aldri trudde eg skulle gjere som eg no har gjort sidan mars, så eg har lært meg at det ikkje er klokt å avvise noko, seier byrådsleiar Raymond Johansen (Ap) til NTB.

Han understrekar at isolasjon av Oslo ikkje er noko byrådet vurderer å innføre no.

– Det er ei hypotetisk og søkt problemstilling no. Heldigvis er vi langt unna ein situasjon der vi må vurdere så kraftige tiltak, understrekar Johansen.

– Men eg er uroa over den auka smittefaren, og vi må vere villige til å vurdere drastiske tiltak dersom det viser seg at det vi gjer no, ikkje nyttar.

Helsingfors stengde

I mars valde Finlands statsminister Sanna Marin å isolere hovudstaden Helsingfors og regionen Nyland, der hovudstaden ligg, i samband med aukande koronasmitte. Isolasjonen vart handheva av politiet, som sette opp 30 kontrollpostar på dei største vegane.

I midten av april vart likevel isolasjonen oppheva, etter at det vart konstatert at han var i strid med grunnlova.

– Andre land og byar har sett seg nøydde til å innføre langt strengare restriksjonar enn det vi til no har gjort i Noreg og Oslo. Jo flinkare vi alle er til å følgje smittevernreglane, jo mindre blir risikoen for at vi må vurdere svært inngripande tiltak, seier Johansen.

«Raudt» smittenivå

Oslo har den siste tida hatt aukande smitte. I helga skreiv VG at Oslo har registrert 22,49 smitta per 100.000 innbyggjarar, som inneber at kommunen ville vore «raud» etter Folkehelseinstituttets vurdering av andre land.

Smittesituasjonen i hovudstaden har ført til at fleire ordførarar i andre kommunar no rår innbyggjarane sine imot reiser til Oslo for å ikkje importere smitte.

– Det viktigaste no er å hindre smittespreiing og ha kirurgisk målretta tiltak for å få tak i dei som er smitta, og isolere dei, seier Johansen.

(©NPK)

Byrådsleiar Raymond Johansen ser ikkje bort frå at det kan bli aktuelt å isolere Oslo, men seier det førebels berre er ei hypotetisk problemstilling. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix