Annonse

Fjerde dag med børsfall, men Equinor-satsing sende Scatec Solar til himmels

Scatec Solar-kursen stogga ikkje før han hadde lagt på seg 12,4 prosent torsdag. Men hovudindeksen på Oslo Børs enda ned 0,73 prosent til 864,74 poeng.

Det er fjerde dagen på rad at hovudindeksen på Oslo Børs avsluttar dagen med nedgang. Aksjekursane til mange av dei største selskapa til indeksen - som DNB (-0,7), Telenor (-1,3) og Marine Harvest (-1,8) - svekte seg torsdag.

Då hjelper det lite at det aller største av dei, Equinor (+0,4), bidrog til at Scatec Solar la på seg heile 12,4 prosent ved å kunngjere at det kjøper seg opp til ein eigardel på rundt 10 prosent i solenergiselskapet. Investeringa skal bidra til å styrkje Equinors stilling i fornybarsektoren og supplere porteføljen til konsernet med solenergi - som ledd i strategien for å utvikle Equinor til eit breitt energiselskap, ifølgje kunngjeringa.

Scatec Solar er for ein børsmygg å rekne samanlikna med dei store konserna og evna ikkje å trekkje hovudindeksen over nullstreken, sjølv om det vart den desiderte vinnaren på torsdag. Gaming Innovation Group (+6,6 prosent) og Frontline (+4,5) vart nummer 2 og 3 på vinnarlista.

Scatec Solar vart òg det meste omsette selskapet på torsdag, følgd av Equinor og Marine Harvest.

Også på dei tonegivande børsane i Europa enda det med raude tal torsdag. DAX 30 i Frankfurt var ned 1,1 prosent, CAC 40 i Paris fall med 1,3 prosent og FTSE 100 avslutta dagen med eit fall på 0,7 prosent.

Eit fat nordsjøolje vart torsdag ettermiddag omsett for drygt 67 dollar - 2 prosent meir enn ved midnatt.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Erik Johansen / NTB scanpix