Annonse

Ingen nye flyktningar blir busette i Groruddalen og Søndre Nordstrand i Oslo

Byrådet i Oslo har vedtatt at ingen nye flyktningar skal busetjast i Groruddalen og Søndre Nordstrand i år. Oslo kommune skal busetja 210 flyktningar.

– Vi ønskjer ei meir mangfaldig befolkning over heile byen, og at nykomne i større grad skal bli eksponerte for norsk språk og kultur. Derfor stoppar vi no busetjing av flyktningar i Groruddalen og Søndre Nordstrand og konsentrerer i staden busetjing av flyktningar i bydelar med lågare innvandrardel, seier byrådsleiar Raymond Johansen (Ap).

Byrådet har sidan 2017 gradvis endra måten flyktningar blir busette på, noko som har ført til at flyktningar i stadig større grad blir busette i bydelane med færrast innvandrarar med ikkje-vestleg bakgrunn.

– Eg meiner det er heilt nødvendig å skjerma område som allereie har tatt imot mange flyktningar frå før og heller busetja dei i område med høgare integreringsevne, seier Johansen.

I 2020 vil Oslo ta imot og busetja 210 flyktningar fordelt på 22 personar i Bydel Gamle Oslo, 23 i Bydel Grünerløkka, 24 i Bydel Sagene, 11 i Bydel St. Hanshaugen, 15 i Bydel Frogner, 25 i Bydel Ullern, 18 i Bydel Vestre Aker, 19 i Bydel Nordre Aker, 23 i Bydel Østensjø og 29 i Bydel Nordstrand.

Bydelane Bjerke, Grorud, Stovner, Alna og Søndre Nordstrand skal ikkje ta imot og busetja flyktningar.

(©NPK)

I 2020 skal ingen nye flyktningar busetjast i bydelane Søndre Nordstrand og Groruddalen i Oslo, opplyser byrådsleiar Raymond Johansen (Ap). Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix