Annonse

Lakseaksjar i fall på negativ børs

Alle dei oppdrettsselskapa som har hatt besøk av EUs konkurransestyresmakter, fall onsdag på Oslo Børs. Hovudindeksen enda på 862,38 poeng, ned 0,3 prosent.

Annonse

Mest omsett onsdag var Mowi, tidlegare kjent som Marine Harvest. Aksjen fall 2,3 prosent.

Nedgang var det òg for Salmar (-4,3), Grieg Seafood (-2,0) og Lerøy Seafood Group (-1,9). Alle dei fire selskapa har bekrefta at dei har hatt umelde kontrollar frå EU-kommisjonen. Kommisjonen mistenkjer at det føregår ulovleg prissamarbeid på laks, men understrekar at dei er i innleiinga av granskinga og at det ikkje betyr at selskapa har gjort seg skuldige i noko ulovleg.

Blant andre selskap med nedgang var Equinor (-0,4), Telenor (-0,2), DNB (-0,5) og Subsea 7 (-0,8).

Norwegian var vinnaren på onsdag, med ein oppgang på 11,2 prosent. Flyselskapet henta dermed inn noko av fallet frå den siste tida - i ein periode med emisjon. Den siste månaden har aksjen falle drygt 41 prosent.

Også DNO (+5,2) og Yara International (+2,1) var blant selskapa med ein bra børsdag onsdag.

Ute i Europa var stemninga betre enn i Oslo. I Paris, London og Frankfurt steig hovudindeksane med mellom 0,7 og 1,0 prosent.

Nordsjøolje vart onsdag ettermiddag omsett for 66,84 dollar, noko som var 0,6 prosent over nivået natta før.

(©NPK)

Den siste veka har hovudindeksen ved Oslo Børs stige 0,4 prosent. Illustrasjonsfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix