Sundby seier nei til langløpskarriere

Martin Johnsrud Sundby drøymer om å vinne Marcialonga, men har i det heile ingen planar om å bli del av langløpssirkuset på tampen av karrieren.

35 år gamle Sundby har vore open om at langrennskarrieren ikkje vil vare i veldig mange år til. Omsynet til familien veg tungt. Saman med kona Marieke Heggeland ventar han det tredje barnet sitt til våren.

Langrennsveteranen fortset definitivt til VM i Oberstdorf om halvtanna år, men deretter kan det vere slutt. Overfor NTB har Sundby rett nok opna for OL i Beijing i 2022, men ei eventuell satsing mot vinterleikane i Kina kan bli utanfor landslaget.

Langt klarare er 35-åringen når det blir spørsmål om han blir å finne i langløpssirkuset når han ikkje lenger er verdscupløpar.

– Nei. Når det er slutt, er det slutt. Det er eg ikkje motivert for. Eg har lyst til å vere på det øvste nivået, og viss eg ikkje klarer det, så må eg finne på noko anna. Det er ingen motivasjon i heimen min for at eg skal tyne det noko vidare. Og det blir sannsynlegvis kravd like mange treningstimar òg, seier han til NTB.

Vil vinne Marcialonga

I langløpssirkuset har staking vorte nøkkelen til suksess. Sundby er sikker på at han kunne hevda seg på den fronten, men andre ting gjer det uaktuelt å satse i Ski Classics.

Bli likevel ikkje overraska om Sundby likevel blir å sjå på toppen av ein Ski Classics-sigerspall i åra som kjem. Det ligg nemleg i planane til Røa-løparen, sjølv om det er uaktuelt med full satsing.

– Det er eitt langløp eg har lyst til å gå, og det er Marcialonga. Det ligg på «bucketlista» å vinne det løpet før eg gir meg. Det gjer eg innan to–tre år. Men det blir ikkje i vinter, seier han.

Sundby har elles allereie ein Ski Classics-siger i beltet. I 2017 vann han Birkebeinerrennet, sjølv om han fekk eit ublidt møte med snøen etter å ha vorte påkøyrd av ein snøscooter undervegs.

Holund til Birken

Sundbys landslagskollega Hans Christer Holund har signalisert at han aktar å stille til start i Birkebeinerrennet neste år. Der skal han representere Aukland-drivne Team Ragde.

Holund kan òg komme til å gå fleire langløp i vinter.

– Det er sinnssjukt morosamt. Han er verdsmeister på femmil og ein av dei råaste skiløparane i verda no. Det å ha han på laget i nokre renn betyr mykje. Vi vil nok sjå at fleire, både russarar og andre norske løparar, trekker mot nokon av dei lange løpa vi er glade i, seier Anders Aukland til NTB.

Han omtaler Holund som «ein av hovudfavorittane» i Birken.

Ragde-sjef Jørgen Aukland håper òg å ha Holund til start i Reistadløpet på tampen av sesongen.

– Det å ha med ein regjerande verdsmeister på femmil er utruleg kult, seier han til NTB.

(©NPK)

Martin Johnsrud Sundby har planar om å vinne Marcialonga, men nokon langløpsspesialist blir han ikkje.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix