Markus Aarøy Vikse imponerte med sjonglering.  Foto: Ingvild Rørtveit Myklebust
Markus Aarøy Vikse imponerte med sjonglering. Foto: Ingvild Rørtveit MyklebustBilde 1 av 7
Silje og Olina frå Tysvær song og spelte piano.
Silje og Olina frå Tysvær song og spelte piano.Bilde 2 av 7
Emilis Petronis spelte måneskinnssonaten på piano.
Emilis Petronis spelte måneskinnssonaten på piano.Bilde 3 av 7
Alida Solvang dansa jazzdans, med eigen koregrafi.
Alida Solvang dansa jazzdans, med eigen koregrafi.Bilde 4 av 7
Joakim Amundsen framførte eigenskriven monolog.
Joakim Amundsen framførte eigenskriven monolog.Bilde 5 av 7
IMG_1514
Bilde 6 av 7
IMG_1574
Bilde 7 av 7

I fyr og flamme på UKM

Denne halga har omlag 160 ungdommar vore samla til UKM Rogaland si fylkesmønstring på Tysværtunet. Forrykande sceneshow, rørande dans og nydeleg kunst var noko av det dei viste fram.

Somme har framført på scena, medan andre har stilt ut kunst eller er med å arrangere arrangementet. UKM er eit nettverk av små lokale festivalar, der ungdom kan delta med alle slags kunstutrykk. Kvar kommune sender ungdommar vidare til ei fylkesmønstring, som representantar frå kvar kommune.
– Det har vore kjekt å vere med på UKM denne helga, seier Thomas Ferkingstad Salvanes som nettopp har komme av scena der han har spelt slagverk med bandet Fangande Spetakkel frå Karmøy.
– Det var mykje energi på scena, seier Christoffer Ritland, som speler gitar i same band.
– Det var veldig bra lys og lyd, synest eg, legg Salvanes til.
Deltakarane på UKM har overnatta i idrettshallen på Tysværtunet, og hatt det mykje sosialt kjekt saman denne helga. Dei har mellom anna hatt fleire workshops med ulike kunstutrykk, vore på diskotek på Avanti og hatt jamsession.

Les meir i papirutgåva på torsdag!