Sunndal folkebibliotek og Øra kafé presenterer bokprat med forfatter Carl Johansen og journalist Lina Engelsrud. Carl kjem frå Sunndalsøra og har utgjeve mellom anna novellesamlinga Grünerløkka i 2017 og romanen Skinn i 2011. I tillegg har han bidrege i fleire antologiar samt skrive for fjernsyn. Til hausten er han aktuell med ei kortprosabok (mellombels utan tittel), og det er denne han kjem for å fortelje om. Han skriv godt og presist med eit språk som evnar å lyfte fram både små nyanser og dei store perspektiva.

Sjå heimesida til Sunndal folkebibliotek, Fjesboksida til Øra kafé eller programmet for Ørafest for meir informasjon.