Dette er ein viktig resolusjon for oss i Innlandet, og eit tydeleg signal til regjeringa om å sjå på nedskalering av det som har vorte store prestisjeprosjekt på kostnad av andre tilbod. Dette gjeld heile landet, men ikkje minst utbyggingsplanane i Oslo opp mot planane i Innlandet. Skal vi kunne realisere ambisjonane om gode tenester og tilbod, må ein sikre ei fordeling som kjem heile helseregionane til nytte.

Når sjukehusa må spare inn på drift for å tena seg opp nok eigenkapital til investeringar, går også dette utover nødvendig vedlikehald og innkjøp av medisin-teknisk utstyr. Arbeidspresset blir stadig større for fagpersonellet og den offentlege helsetenesta mister fagpersonell over til private tilbod og sjukehus. Får vi ikkje retta opp i dette, er vi på full fart inn i eit todelt helsevesen.

Helseføretaksmodellen har verka i over 20 år og vi byrjar verkeleg å sjå korleis denne måten å styre sjukehusa på påverkar vårt helsevesen. Derfor vil Senterpartiet at vi i større grad må skilje mellom drift og investeringar slik at det ikkje må kuttast i drift for å gjera naudsynte investeringar i bygg og medisin-teknisk utstyr. Alle sjukehus skal ha stadleg leiing for å vere tettare på den daglege drifta, ha mindre byråkrati og ha tillit til å ta dei nødvendige grepa som skal til for å sikre god samhandling mellom det enkelte sjukehus og kommunehelsetenesta.

Senterpartiet vil ha ei styring av sjukehusa der staten eig spesialisthelsetenesta, men med regional styring av ressursane. Vi vil sikre demokratisk forankring i styring av sjukehusa, redusere marknadstenkinga og sikre fagleg skjønn, leiing og kultur i sjukehusa.

Innsatsstyrt finansiering må reduserast til eit minimum og heller auka rammefinansieringa. Ved å ha ei betre grunnbemanning vil ein kunne spare pengar på dyre vikarløysingar og gje fagpersonell meir forutsigbarheit. Helsepersonellkommisjonen peikte på at det vil bli mangel på helsepersonell. For å møte dette må vi både sikre at dei som jobbar i helsevesenet i dag blir verande og vi må få fleire helsefagarbeidarar inn att i spesialisthelsetenesta.

Gjennom ei forsterka og forbetra samhandling mellom kommune- og spesialisthelsetenesta vil ein kunne bruke midla på ein betre måte og i større grad sikre det norske helsevesen og den velferdsmodellen vi ynskjer å ha vidare. Behandling skal skje på lågast mogleg nivå og på rett nivå, men du skal vere trygg på at du får den behandlinga du skal ha på sjukehuset til du er ferdigbehandla.

Senterpartiet meiner at det er framtidsretta å utvikla fleire lokalmedisinske senter, helsehus og andre regionale helseinstitusjonar for å ivareta behandling, rehabilitering og polikliniske tenester nær folk. Ved vesentlege endringar i sjukehusstrukturen må dette avgjerast av Stortinget i ein Nasjonal helse- og sjukehusplan.

Det norske helsevesen må baserast på nærleik og likeverdig behandling for pasientar i heile landet. Velferdsmodellen vår må baserast på tillit mellom ulike nivå, mindre byråkrati, sikre fagleg skjønn og utvikle ein betre økonomisk modell enn den vi har i dag.