Uønskt vestlandsopprør om Språkrådet

Vi støttar ikkje kravet om at Språkrådet må flyttast til Bergen, og vi er overraska over at saka kjem opp igjen no.

Språkrådet er ein sentral samarbeidspartnar for Språksamlingane. Ein app som samlar Bokmålsordboka og Nynorskordboka, er eigd og utvikla av Universitetet i Bergen og Språkrådet i fellesskap.
  • Peder Gammeltoft, Gyri Smørdal Losnegaard, Johan Myking og Margunn Rauset
    Språksamlingane ved Universitetet i Bergen
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Torsdag 15. oktober hadde NRK Vestland oppslag om eit vestlandsopprør under oppsegling: Utval for kultur i Vestland fylkeskommune stilte seg samrøystes bak eit benkeforslag frå Ap-representant Kari Bernardini med krav om at Språkrådet blir flytta til Vestland og Bergen.

Bernardini grunngav framlegget med at Bergen har eit sterkt språkvitskapleg fagmiljø som gjer byen til ein god vert for Språkrådet, mellom anna etter den vellukka flyttinga av språksamlingane frå Oslo i 2016. Kravet har støtte i bystyret i Bergen etter eit vedtak i fjor, og den same saka var reist politisk i 2017, men lagd vekk.

Fagmiljøet knytt til Språksamlingane ved Universitetet i Bergen set stor pris på at politikarar og media har oppdaga og verdset det arbeidet Universitetet i Bergen har gjort og gjer med samlingane. Vi støttar likevel ikkje kravet om at Språkrådet må flyttast, og vi er overraska over at saka kjem opp igjen no.

Les også

Er Universitetet i Bergen heilt utan språkpolitikk?

Språksamlingane er den største systematisk oppbygde dokumentasjonen av norsk språk, i hovudsak knytt til dei tre felta ordboksarbeid (leksikografi), utvikling av norsk fagspråk (terminologi) og stadnamn. Aktiviteten er trappa opp gjennom dei siste statsbudsjetta, og til saman vil desse satsingane gje universitetet ein fagleg aktivitet verd rundt 20 millionar kroner neste år. Dette er eit viktig nasjonalt oppdrag som vi er stolte av å delta i.

Det er framlegget til ny språklov som Stortinget skal behandle i haust, som no gjev utteljing. Vi har notert oss at bystyret i Bergen i 2019 gav ei informert og positiv høyringsfråsegn til dette lovframlegget. Det same gjorde Universitetet i Bergen.

Språkrådets direktør Åse Wetås bør bli i Oslo, meiner innsendarane.

Språkrådet er ein sentral samarbeidspartnar for Språksamlingane. Om tid og krefter i nokre år framover skal gå med til lokaliseringsdebattar og flyttestøy, gjer det Språkrådet til ein mindre effektiv støttespelar. Vi ser med stor uro på skadeverknadene dette kan få. Eit tvangsflytta statsorgan kan tappe både Høgskulen og Universitetet for nødvendig arbeidskraft.

Norsk språkpolitikk har under dei siste regjeringane hatt eit dobbelt mål: Å styrkje norsk i konkurranse med engelsk, og å ta eit særskilt ansvar for nynorsk, som er det minst brukte av dei norske skriftspråka. Språksamlingane er ein del av verkemiddelapparatet, og Språkrådet er den sentrale operatøren.

Dersom fylkespolitikarane i Vestland vil det beste for norsk språk, så hjelper dei oss med å stabilisere og konsolidere dette arbeidet. Og skulle dei ønskje meir informasjon, er vi ved Språksamlingane meir enn glade for å stå til teneste.

Publisert: