Christen Ræstad hadde ein kronikk i DT tirsdag 11.april 2017 der han oppfordra kommunen til å tenke nytt, m.a  å bygge hus oppe og inne i fjellsidene. Hans gode innlegg stoppa der! Eg vil her føre ideane eit nivå vidare.

Vi må ta fjella i bruk.

Drammen er elvebyen og med dårleg byggegrunn langs elva, medan byen kan skryte av å ha landets beste fjell til å borre i, her kjem eit forslag til å bygge heiser med tilførselveier inne i drammensgranitten. Konnerudnedførdsla er problematisk for dei som har køyrt seg bom fast på gamle løysingar og og i Buskerudpakker.

Nordmenn er i verdenseliten i å bygge tunneler og lage nedsenkbare vei- og jernbanestrekningar!

VIL DU HA DET BESTE MENINGSSTOFFET FRA DT RETT I INNBOKSEN? MELD DEG PÅ HER

Vidare har vi snart fått ein armada av el-bussar her i landet, som kan framkalle betre luftkvalitet i byane. I Drammen(elvebyen) skal sjølvsagt desse elbussane vere lyseblå og skal frakte innbyggarane rundt i heile byen utan at det vert løyst billettar. Bussane kan også på sikt vere utan førar  og dei vil stå på ladning om natta på kvar sine startpunkt, vi har då plenklypparar som gjer dette! 

I Drammen vil bybrua vere sjølve pulsåra for desse bussane, så rør ikkje denne brua!

Bjørnstjerne Bjørnsonsgate må få vere som no, for det skal ikkje vere naudsynt med desse ville syklistane pesande i gatemiljøet når desse kan ta gratisbussane som oss andre. Diktaren Bjørnson skreiv «Undrer meg på hva jeg for se over de hoie fjelle», for 150 år sidan , men var ikkje kjent for å like å gå i fjellet, så han ville bruke heisane som no Drammen skal bygge. Her kjem ein grovkladd. Heis 1 går til toppen av Haukåsen, der det kan byggast restaurant nedanfor toppen, med den fantastiske utsikta ut over byen, elva og fjorden.

Denne heisen får ein stopp i Gamlevegen og endar i fjellet innanfor Marienlyst, som i framtida vil vere ein grøn oase med sine startblokker på tartandekke.

Heis 2 endar ved Hallermoen skule og vil ha ein stopp ca 50 m nedanfor, for å hente og levere folket som kjem frå tilførselkanalane frå begge sider av Konnerudveien.  Heis 3 går til området rundt idrettsanlegga på Konnerud, men her må det nok  leggast inn el-bussruter for å få folket til heisen som bur på denne høgsletta. Denne heisen endar innfor Gulskogen. Det må så byggast busstunnel frå Gulskogen og inntil  heisane. Her kan det gå førarlause bussar, men det skal  berre vere plass til 2 bussar i bredda. På stopp 2 vil det gå avlastningsbussar via Marienlyst og over bybrua til Brageneset, med stopp på Strømsnes, togstasjonen med fleire. Bussen stoppar så foran heis 1, denne heisen må  vere litt større slik at folk får med seg både ski, kjelkar og syklar for dette er luksusheisen med berre ein stopp i Gamlevegen for utslepp av kjelkegjengen og inntak av folka frå vestre delen av Hallermofeltet. Denne bussen stoppar der det er logisk og kople den til eksisterande veinett som går til Brakarøya. Alle heiser og tilførselrøyr vil bli godt opplyste samt ha overvakingskamera slik at det er ufarleg å sende sjølv mindre barn til ulike aktivitetar utan følge og såleis spare foreldre til å køyre sine håpefulle gjennom kveldane.

Eg overlet så stafettpinnen til dei som veit korleis områda Fjell samt nordsida av Drammen kan bli med i dette heis- og elbussnettet.

Det går med enorme mengder med steinmasse for å gje byggetomt og gratis parkeringsplass ved nysjukehuset slik at det er berre å tenkje langt fram og få bygt ut alt medan vi har omsetnad for massen.

Vidare må dei på banen som kan få NSB til å kutte ut ideen om å føre Vestfoldbanen på ville vegar langt inn i Drammen by, når denne best og raskast kan førast via Brakerøya stasjon og i eit undersjøisk røyr til den vert kopla på spora i Kobbervikdalen.

Tenk berre kva desse ledige områda i byen kan brukast til! Nedlegging av denne parsellen og oppretting av ny flytogstopp på Gulskogen medfører at togstasjonen i Drammen er meir enn stor nok slik den er i dag. Husk vi treng ikkje rive ned alt dette som framsynte drammensarar fekk til føre oss.

Drammenspolitikarane elskar bompengar noko betalinga for å køyre Spiralen vitnar om, denne ordninga er ei evighetsmaskin her i byen.

NOEN AKTUELLE NYHETSSAKER FRA DT.NO:

* Håndballregionens øverste leder fikk karantene - unge dommere følte seg truet

* Arild har jobbet 50 år på samme sted - uten én eneste sykedag

* Bli med inn i russebussene fra Drammen