Laurdag klokka 13.00 spelar Førde på bortebane mot Stord i regionserien.

Kampen kan du følge i Firda-liven.

–  Vi går for ein ny bortesiger

Førde-trenar Bjørn Totland ser at laget er i ferd med å stabilisere seg, og for tredje kamp så rad så stiller han med den same første 11´aren.

– Det er eit godt teikn, og betyr at formasjonane er i ferd med å komme på plass. Noko eg håpar vi skal sjå framleis utvikling på mot Stord, seier Totland som seinast på måndag denne veka var i Bergen og såg laurdagens motstandar tape 0–3 mot Fyllingsdalen.

– Dei ligg nest sist på tabellen, og er eitt av dei laga vi helst bør ha bak oss. Difor går vi for ein ny bortesiger på laurdag, seier Totland føre oppgjeret på Stord stadion.

Liten tropp

Stord har så langt berre eitt poeng i årets regionserie etter at dei sesongopna med sterke 0–0 på bortebane mot Brattvåg. Førde på si side har fire poeng etter siger mot Haugesund 2 og poengdeling etter 0–0 mot seriefavoritt Brattvåg sist helg.

Førde stiller med dette mannskapet i Sunnhordland: Fredrik Hanssen, Marius Storevik, Joachim Kvist, Martin Dvergsdal, Eirik Flatjord, Johan Skorge, Ruben Holsæter, Erlend Moen Taule, Daniel Kvalvågnes, Vegard Savland og Øystein Myrkaskog. Innbytarar på turen er Fredrik Rørstadbotnen, Mathias Sagevik og Odin Koskinen. Dessutan er trenarane Bjørn Totland og Ole Henrik Gulliksen tilgjengelege viss det skulle vere aktuelt.

Fylkets andre lag i regionserien, sogndalsklubben Fjøra, møter toppklubben Sotra frå klokka 16.00. Fjøra ligg på 11.-plass med sine tre poeng som dei fekk i opningskampen mot Aalesund 2. Kampen på Sotra kan du også følge i Firda-liven.

Møter Høyang

Grunnen til at troppen til Bjørn Totland og Førde sitt A-lag består i såpass få spelarar er at Førde 2 spelar seriekamp i 4. divisjon mot Høyang same dag. Denne kampen har kampstart klokka 15.00 og vert spelt i Hafstadparken.

Kampen mellom Førde 2 og Høyang kan du følge i Firda-liven.

Elles blir det spelt følgande kampar i kretsligaen på laurdag:

Skavøypoll-Årdal

Eid-Bremanger

Dale- Stryn

Også desse kampane kan du følge i Firda-liven.