Når dei to faste midtstopparane Bjørn Inge Utvik og Christophe Psyché er ute i lang tid med skade, har Sogndal dei siste dagane intensivert jakta på nye erstattarar. Og på onsdag og torsdag har Tippeligaprofilar som Kjetil Wæhler og Espen Ness Lund trent med mannskapet til Eirik Bakke.

Wæhler er det mest kjende av desse to, og har ei lang fartstid i klubbar som Lyn, Wimbledon (England), Moss, AaB (Danmark), IFK Göteborg (Sverige) og ikkje minst Vålerenga. 41-åringen har spelt aktivt på høgt nivå sidan 1994, og har også vore kaptein på det norske A-landslaget. Totalt fekk han 32 A-landskampar og åtte med U21-landslaget.

Wæhler er for tida utan kontrakt.

Tidlegare profil

Også Espen Ness Lund har trent med Sogndal denne veka, og kan stå fram som eit mogleg alternativ for klubben. Ness Lund har spelt for Tønsberg, Sogndal, Strømmen og Kristiansund, og har heller ikkje kontrakt for tida.

Espen Ness Lund spelte i Sogndal under den svenske trenaren Jonas Olsson.

Etter det Firda erfarer kan Sogndal vere på veg til å få dispensasjon frå fotballforbundet med tanke på at dei sikre seg ein ny spelar utanom overgangsvindauget.

Verken sportsleg leiar Håvard Flo eller dagleg leiar Egil Mundal responderte Firda sine telefonar torsdag føremiddag.

Signerte torsdag ettermiddag

Torsdag ettermiddag melde klubben på sine nettsider at  både Ness Lund og Wæhler har signert.

Dei blir no Sogndal-spelarar ut sesongen 2017.

- Vi er veldig glade for å ha desse to på plass. Sjølv om dei ikkje har spelt for klubb sidan i fjor, har begge holdt seg i god form. Med sin rutine kjem dei til å bidra godt på treningsfeltet, i garderoben og i kamp, seier sportsleg leiar Håvard Flo.