Dermed er det duka for rap- og rockefest på Skjerjehamn fredag 29. juli lovar festivalsjef Viggo Randal:

– Vi veit at dei kan lage liv kvar for seg for seg – det har dei alt vist for Utkant-publikummet. I 2011 var det Jaa9 og OnklP som fekk det til å koke i amfiet framfor kongestatuen. Dei fleste av dei som i dag utgjer Slekta var her som medlemmer i rockebandet Oslo Ess i 2013, seier festivalsjef Viggo Randal i ei pressemelding.

Trur dei set fyr på Utkant

Han gler seg stort til å sjå dei sette fyr på Utkant når dei går på scena etter at ordkunstnaren Stein Torleif Bjella har servert sine vakre og melodiøse viser.

– Slekta har produsert hits på grensa til landeplager etter debuten i 2014, seier Randal.

Kritikarroste prisvinnarar

Sjølv om Onkl P har vore ein markant skikkelse i det norske musikkmiljøet både med rap-gruppa Jaa9 & OnklP og sidan som soloartist, var det først då han slo seg saman med medlemmene frå Oslo Ess og danna gruppa Onkl P & De Fjerne Slektningene han for alvor fekk grep om det store publikummet. Den svært kritikarroste og sjølvbiografiske låten «Styggen på Ryggen» vart kåra årets låt av VG, tok imot Edvard-prisen 2015 i klassen tekst til musikk og den vart nominert til årets hit på Spellemanssprisen i 2014. Som om ikkje det var nok vart Onkl P & De Fjerne Slektningene kåret til årets liveartist på P3 Gull i 2014.

– OnklP & De Fjerne Slektningene er eit av landets desidert beste liveband, seier festivalsjefen.

Fleire namn før påske

Randal har alt sikra Hellbillies og stjerneskotet Sigrid til opningskonsertane torsdag 28. juli. Laurdag står rapparen som er kåra til årets liveartist i Sverige, Silana Imam på scena i Skjerjehamn.

Ifølge festivalsjef Randal er bookingkabalen no i ferd med å gå opp, og han lovar fleire nye namn før påske.