Tysdag ettermiddag vart det sendt ut pressemelding om at eigaren av Thon Hotel Jølster no også kjøper opp Førde hotell, som fram til i dag har vore eigd av Roy Solbakken.

– Det er fleire synergiar ved å eige begge hotella. Så dette er ein fantastisk måte å vidareutvikle og utvida drifta, seier dei om eigarovertakinga i ei pressemelding.

Blir truleg hotelldirektør for begge

Noverande hotelldirektør på Skei hotell, Sindre Saue Årdal, byrja i jobben i juli i fjor, og får no ein litt anna arbeidskvardag.

– Vi er ikkje heilt sikre på korleis ting vert enno, men eg blir vel hotelldirektør på begge hotella, og så tilset vi ein driftssjef i Førde. Så har eg framleis kontor på Skei, seier han.

Han fortel at overtakinga ikkje kjem til å gå utover dei planlagde oppgraderingane av hotellet på Skei.

– Vi kjem til å halde fram oppussinga der, og vi kjem til å gjere ein del med hotellet i Førde. Så eigarane viser at dei ønskjer å gå inn med midlar i dette, seier Saue Årdal, og legg til:

– Først må vi få unna høgsesongen med turisme i Førde, deretter kan vi byrje å gjere grep. Det er ingen som er tente med at vi skal byrje å pusse opp midt i sesongen, seier han.

Ser effekt av Loen

Direktøren fortel om gode tider i turistnæringa. Den utviklinga ventar dei at skal halde fram.

– Marknaden i Førde er i god vekst, og vi trur den vil vere det framover med kommunesamanslåinga, blant anna. Så dette er ein god måte for oss å få best mogleg effekt ut av begge hotella. No skal vi stå endå sterkare, seier Saue Årdal.

Han peikar og på at konkurrentar lenger nord i fylket har gjort grep som blant anna Skei hotell har nytt godt av.

– Sjå berre på kva dei har gjort i Loen. Det gir vekst i heile regionen. Vi har allereie hatt mange kundar som kjem hit og skal vidare til Loen for å reise på Hoven. Hotellet i Førde har vore drive bra før, og vi ser potensialet i å kunne gjere ting enno betre, seier Saue Årdal.

Det er selskapet Laho som eig store delar av Thon Hotel Jølster. Laho er eigd av blant anna Ivar Helgheim.