Politiet opplyser i ei twittermelding klokka 16.30 at kø kan komme brått på trafikantar på veg mot Lote ferjekai. Dei oppfordrar sjåførar til å køyre varsamt, og ta omsyn til dei som dirigerer.

Malene Nordstrand frå Reed måtte vente ein time i kø før ho fekk sleppe inn på ferja.

– Etter at eg var kommen ut av tunnelen før ferjekaia starta køen. Det kom brått på, og allereie bak meg hadde det byrja å hope seg opp med bilar, seier ho til Firda.

Nordstrand fekk beskjed av ein kollega på jobben at det var lange køar og fekk difor gå tidleg frå jobb. Men kvifor det var så lange køar visste ho ikkje.

– Eg fekk ingen informasjon om kvifor det var så lange køar, for på Fjord1 sine sider stod det at det vart tatt i bruk ei ekstra ferje, seier Nordstrand.

Nordstrand stod ein time i kø før ho til slutt fekk komme inn på ferja. Men sjåførane bak ho i køen var ikkje like heldige.

– Det var lange køar bak meg. Eg er heilt sikker på at dei ikkje fekk komme seg på same ferje som eg, seier ho.

SISTE: Ein av skipsførarane på sambandet melder til NRK Sogn og Fjordane torsdag kveld at det ikkje lenger er kø på strekninga. Ferjene får med seg all trafikk, og slik har det vore sidan 20-tida.