– Talet inndregne og beslaglagde garn er framleis høgt. Det ser vi alvorleg på. Alle er sette for å ta sjøaure. Det gjer at vi følger fisket etter denne arten ekstra nøye, seier Pål Presterud, direktør i Statens naturoppsyn, i ei pressemelding.

I år har oppsynet føregått i ein dryg månad, og det er til no fjorten inndregne og fem beslaglagde garn. Oppsynet flyttar seg snart frå Hordaland og nordover til Sogn og Fjordane.

SNO er uroa for at ulovleg fiske etter sjøaure held fram. Dei meiner sjøauren er utsett for ei rekke menneskelege påverknader som gjer han sårbar. Mellom anna er mange sjøaurebekkar øydelagde eller har fått dårlegare kvalitet på grunn av ureining og fysiske inngrep. I store delar av landet har overlevinga i fjordane blitt vesentleg redusert på grunn av lakselus frå oppdrettsnæringa, skriv SNO.

– Vi ser stadig døme på manglande respekt for regelverket. Derfor må vi sette inn større ressursar på å ta gjerningsmennene, for å få redusert denne miljøkriminaliteten. Det skjer i tett samarbeid med Politiet, Kystvakta og Fiskeridirektoratet, seier Presterud.