I samband med årets Landsskyttarstemne i Førde vil det bli arrangert konsert med Kurt Nilsen i Førde.

– Vi er utruleg glade for at det no er klart at Kurt Nilsen skal ha konsert i Førde laurdag 29. juli, seier Stian Grimseth.

I Sentrum Sør

Som innleigd for å jobbe med årets Landsskyttarstemne i Førde, ser den tidlegare vektløftar-profilen Grimseth at Scandic Sunnfjord Hotel, Førde Event og Uteliv AS og Spenst Førde går saman om å arrangere konsert i Sentrum Sør.

– Vi skal ha konserten i Sentrum Sør, og kjem til å nytte oss av området på vestsida av Langebruvegen. Her har vi hatt Sommarfesten i Førde tidlegare, og det fungerte svært godt som arena, seier Fred Reiersen ved Scandic Hotell, som tok initiativet til å hente Kurt Nilsen til Sunnfjord.

– Vi har hatt utruleg mange kjende artistar på Sommarfesten i Førde tidlegare år. Som til dømes Turboneger, Kaizers Orchestra, DumDum Boys, deLillos, Postgirobygget, Sivert Høyem og Raga Rockers. Den einaste vi ikkje har hatt så langt er Kurt Nilsen. Og no kjem han endeleg, seier Reiersen.

Ny rekord?

Dei fem initiativtakarane trur det skal vere mogleg å sette ny publikumsrekord.

– Vi har hatt 3200 to gonger tidlegare på Sommarfesten, men dristar oss til å tru at det skal vere mogleg å få fleire denne gongen. Ikkje minst fordi det kjem mellom 12.000 og 15.000 tilreisande til Førde i samband med Landsskyttarstemnet. Det er iallfall det vi håpar på, seier Arild Vie i Førde Event og Uteliv AS og vert støtta av Sindre Rørstadbotnen ved Spenst Førde.

 

– No har vi akkurat sett kva stemning som vart skapt under Tour des Fjords, seier Rørstadbotnen.

Direktør Odd Erik Gullaksen ved Scandic Sunnfjord Hotel håper ein ny folkefest i Sunnfjord som gir tilreisande gode opplevingar vil få dei til å komme tilbake fleire gonger. Han trur valet av artist vil føre til suksess.

– Snakk om innertiar, ja. He, he. Kurt Nilsen er populær i dei fleste aldersgrupper, og er ein av dei mest folkekjære i Norge, seier Gullaksen om bergensaren som vart nasjonal kjendis då han i 2003 vann den norske Idol-konkurransen, for deretter å vinne World Idol-konkurransen 1. januar 2004.

Midtsommarfest

Landsskyttarstemne-arrangøren er ikkje direkte involvert i sjølve konserten, men helsar initiativet for å gje dei tilreisande flotte opplevingar.

– Ja, dette er garantert noko dei mange tusen som kjem hit i samband med Landsskyttarstemnet vil sette stor pris på. Sjølve opninga av årets Landsskyttarstemne skal vere fredag 28. juli, og då passar det svært godt med ein konsert dagen etterpå, seier Stian Grimseth.

I tillegg til konsert med Kurt Nilsen legg arrangørane opp til musikk både før og etter hovudattraksjonen.