Og for å få endane til å møtest til neste sesong treng skisenteret 300.000 kroner i frisk kapital og avdragsutsetting på to lån i åtte månader frå 1. juni i år.

Ber Gloppen kommune om 200.000

No vender styret seg til tre av dei største aksjonærane, og ber Gloppen kommune bidra med 200.000 kroner. Stryn kommune og Breimsbygda IL blir bedne om å bidra med 50.000 kroner kvar.

Les også: Endeleg overskot

Underskot på 522.583 kroner

Denne vinteren har alpinanlegget på Utvikfjellet hatt ope ei helg i januar og tre dagar heilt på tampen av sesongen. Ein rekneskap som er utarbeidd 28. februar viser at underskotet då var på 522.583 kroner. Samstundes er eigenkapitalen er tapt med ei underdekning på 90.471 kroner.

– Dette medfører på forholdsvis kort sikt ein likviditetsskvis, i det der ikkje vil vere nok midlar for å møte utgifter som kjem fram til ein er i gang med neste sesong, skriv styret i brevet adressert til Gloppen kommune, Stryn kommune, Sparebanken Sogn og Fjordane og Breimsbygda IL.