– Filmen gjekk eigentleg smertefritt, men om det skulle vere noko problem under innspelinga så må det har vore kulda. Vi stod to dagar i regn midt i desember, så det var kaldt og vått.
Det seier Tomas Håndlykken (20) og Lars Bastian Reite (22), som tok imot prisane til filmen «The Letter» på vegner av regissør Simon Tonev.
Filmen handlar om ein mann som er i krigen, og som sender brev til kona og sonen sin. Totalt filmen fire prisar: publikumsprisen, juryprisen, beste etterarbeid og beste regi og manus.
Elevane tek ansvar
Sogndal filmfestival er den 12 i rekka, og har tradisjonelt sett blitt arrangert av tredjeklasse på medium og kommunikasjon ved Sogndal vidaregåande skule. Festivalen går over to dagar og starta torsdag med gallakveld og prisutdeling.
Heile kvelden vart leia av festivalsjef, Sunniva Breidvik (18) frå Hyllestad.
– Rolla som festivalsjef er så klart utfordrande. Du må ha oversikt over alle sponsorane og foredragshaldarane og ta ansvar i situasjonar der vi er ueinige, seier Breidvik.
Ifølge ho er sponsorar og føredragshaldarar er kjernen i festivalen. Ho råder framtidige festivalsjefar å vere ute så tidleg som mogleg med å få dette på plass.
– Eg trur det var rundt 100 personar til stades under gallaen, og det vart sendt inn heile 44 filmbidrag. Det er ein klar vekst i festivalen og det kom bidrag frå heile landet.
Vann pris med skuleprosjekt
Ruben Flatfjord Kjøsnes (15) og klassekameratane frå Jølster vann juniorprisen, for filmen «Pelle oppå heia».
– Filmen vår handlar om Pelle som elskar å jakte og vil ikkje gjere noko anna. Då kona hans blir sur fordi han er for lite heime, finn ho ut at ho skal leite etter han. Det endar med at mannen skyt dei som leitar etter han, seier Kjøsnes.
Dei hadde ikkje trudd at dei kom til å vinne, og Kjøsnes er litt usikker på kva dei skal bruke premien på.
– Eg må i alle fall fordele dei på resten av gjengen, men trur ikkje det kjem til å gå til filmutstyr, seier han.
Her er alle vinnarbidraga:
Dokumentarfilm: «Hjartebarn»
Beste film: ‹Hjartebarn»
Beste etterarbeid: «The Letter»
Beste manus og regi: «The Letter»
Publikumsprisen: «The Letter»
Juryprisen: «The Letter»
Juniorprisen: «Pelle oppå heia»
Beste sportsfilm: «Vår Beste Dag»
Seniorpris: «Oslo Traffic»
Filmane kan du sjå på NRK Sogn og Fjordane sine heimesider.