Håvard Larsen hadde 13 høns frå før på garden i Angedalen. Men då Mattilsynet utvida virkeområdet for Portforbodforskrifta grunna spreiingsfare for fugleinfluensa, enda han opp med å ta imot ein bråte nye fuglar på garden.

Eller å ta dei imot i asyl, som han sjølv seier.

– Det er i grunnen litt tilfeldig. Eg tenkte først at det ville vere kjekt å ha litt meir liv på garden, så eg snakka med ei som selde ender. Kort tid etter var det ei dame i Redalen som la ut nokre på Facebook, sidan ho ikkje lenger ha dei grunna plassmangel etter portforbodet, seier Larsen.

Dermed var det gjort. Larsen tok hand om alle saman, og var då blitt husfar for seks ender, samt ei gås.

Tok imot kjendis-and

Men det stoppa ikkje der. Under ein middag hos tremenningen sin i Bergen påskeaftan, forbarma han seg over fleire fjærkre i naud.

Larsen gjekk her med på å ta hand om to høns og ei and, og fekk under middagen vite at akkurat anda – den var ingen kven som helst.

Portforbodet

«Portforbudforskrifta» har til hensikt å beskytte fjørfe og fuglar i fangenskap mot høypatogen fugleinfluensa. Det innfører difor ei rekke tiltak for å hindre direkte eller indirekte kontakt mellom ville og tamme fugla i et definert høyrisikoområde.

Trekkfuglar frå områder i Europa med utbrot av høypatogen fugleinfluensa er i desse dagar på veig til Norge. Mattilsynet har difor utvida virkeområdet for «portforbudforskrifta» for fjørfe til å omfatte Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Hordaland, Sør-Trøndelag og Nord Trøndelag.

Kjelde: Mattilsynet

– Mannen til tremenningen min hadde vore på ein jobb der dei skulle rydde opp etter innspelinga av NRK-serien «Anno», som vart spelt inn i Bergen. Denne anda hadde vore med, og hadde ingen stad å vere. Så han tok sjølv hand om den, seier Larsen, som no overtok anda.

I tillegg til å ha vore på NRK, fortel Larsen at anda også kan skilte med å ha vore med på «Farmen» på TV2.

– Har du fått vite korleis anda har fått vore med på både Farmen og Anno?

– Ho hadde sikkert godt skodespelartalent, eller utsjånaden med seg. Eg veit ikkje, seier Håvard og ler.

Anda er forresten ikkje det einaste celebre dyret i møte med Håvard. I fjor møtte han ein nysgjerrig reveunge som han fekk ta ein selfie med. Saka vart blant anna omtala av Firda og VG.

Vart enke etter hønsehauk-angrep

I tillegg til å vere ein kjendis på jakt etter ein ny heim, hadde anda også ei trist oppleving i bagasjen, som gjorde at å ta imot ho i asyl var eit endå lettare val.

– Andriken, som var mannen til anda vart teken av ein hønsehauk. Dei lever jo i par, så ho er blitt enke, seier Larsen, som sjølvsagt har ei løysing på dette klar:

– No skal vi lage spele inn «Ungkaren» i Angedalen, så no kan ho velge og vrake blant dei andre endene, seier han, med glimt i auget.

Vil behalde alle

Etter at han tok imot gåsa, hønene, kjendis-anda og hennar artsfrendar, fortel Larsen at han har «floren full» av fuglar.

På spørsmål om han kjem til å behalde alle, sjølv etter portforbodet er over, kjem svaret kjapt:

– Eg beheld nok alle. Dei får opphaldsløyve i Angedalen.