Karoline Bjerkeset rykte opp frå plassen som andre nestleiar etter at Kjetil Felde ikkje ønskte attval. Bjerkeset har hatt ei rekke andre politiske posisjonar i Senterpartiet og er i dag partiets medlem i kontrollutvalet til fylkeskommunen, og andre vara til Senterpartiets sentralstyre.

Askvik har vore ordførar i Hyllestad sidan kommunevalet i 2015, og blir no også andre nestleiar i Senterpartiet i Sogn og Fjordane.

Nøgd

Leiar i valnemnda, Hallvard Oppedal, er begeistra for at det blei nettopp desse som rykte opp i rekkene.

– Dei har begge lang politisk røynsle, og eg meiner vi no er godt førebudde til valkampen i år.

Fylkesstyre

Her er valnemnda i Senterpartiet sitt framlegg til fylkesstyre i Sogn og Fjordane Senterparti:

  • Fylkesleiar: Sigurd Reksnes (Eid) – ikkje på val
  • 1. nestleiar: Karoline A. Bjerkeset (Gloppen) – ny plass
  • 2. nestleiar: Morten Askvik (Hyllestad) – ny
  • Studieleiar: Marit Aakre Tennø (Luster) – ikkje på val
  • Styremedlem: Jan Herstad (Naustdal) – attvald
  • Styremedlem: Johan J. Berge (Stryn) – ikkje på val
  • Styremedlem: Kari Hilde Ulvik (Fjaler) – ikkje på val
  • Senterkvinnene: Jofrid Rye Hestenes (Stryn) – vald av Senterkvinnene
  • Senterungdommen: Emma Berge Ness (Gaular) – vald av Senterungdomen
  • Fylkestingsgruppa: Sigurd Reknes (Eid) / Aleksander Øren Heen (Årdal) – vald av fylkestingsgruppa
  • Stortingsrepresentant: Liv Signe Navarsete (Lærdal)