Uendeleg vakkert har to unge kvinner skrive om Sogn og Fjordane i avisa «Firda»: Om identitet, om heimstadkjærleik, om stoltheit av å vera frå eit gamalt og trygt fylke, om tapskjensle og sakn. Velformulerte er begge dei kvinnelege skribentane. Takk!

Artiklane deira gjev oss også ettertanke og samtidsrefleksjon: Å plassera eit lokalt vegkryss er betre utgreidd enn samanslåinga av norske fylke, slo nyss Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum fast. Det gjeld også for samanslåing mellom Sogn og Fjordane og Hordaland, der til og med Senterpartiet i vårt fylke har halde fusjons-rattet hardt, gjeve full gass og kappa alle svingar i rekordfart.

Les også: Politikarane stel identiteten min 

Såleis: Endå dette er den mest dramatiske saka i heile den lange fylkessoga vår, har folket aldri blitt rådspurde, verken gjennom ordinære val eller gjennom ei klargjerande folkerøysting. At det er eit stort folkefleirtal mot fusjonen, er det ingen tvil om. Arenaen for vedtak blei snøgt avgrensa til å dreia seg om Gutta Boys og Søstrene Sisters i fylkestinget, truleg etter sentrale råd frå den absolutte høgresida i politikken. Sogn og Fjordane fylkesting må vera det partipolitiske landskapet der knefallet for Jan Tore Sanner og Monica Mæland er størst i landet.

Klikkvesen, Gutta Boys og Søstrene Sisters, har vore ein særleg, allmenn kritikk mot Arbeidarpartiet i det siste og blitt nytta som ei delforklaring på partiets samanbrot. I ein slik situasjon, der mangfaldet i partidemokratiet burde vera øvst på dagsorden, set Ap-fylkespartia i Sogn og Fjordane og Hordaland ein framståande fylkesdirektør til å leia nominasjonsnemnda framfor fylkestingsvalet.

Toppbyråkrati og folkevald styring blir ei salig blanding av eit politisk uvit og ei vaffelkakerøre, som ingen skjønar noko av. Dette skal klebast til ein valkamp. At vedkomande fylkesdirektør også har eit anstrengt forhold til sentrale LO-forbund, har ein sett bort frå. Ho stod på motsett side av LO, aktivt og synleg, då det rasa som verst rundt Sogn barnevern. Samanbrotet til Ap skuldast også at LO-medlemmer rømmer frå partiet og ser seg om etter andre parti, som stør deira i interesser i til dømes energisektoren. 

Les også: Jakta på fjord- og kystfolket 

Spørsmålet, som ingen vil svara på, er kva som vil skje i Sogn og Fjordane utan habile konsekvensanalysar. Den einaste som ser ut til å ha tenkt gjennom denne saka, systematisk og klokt, er administrerande direktør i Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane, Kjartan Aa Berge. Han har sjølvsagt berre fått nokre «God-dag-mann-økseskaft»-svar. For kva skjer med styringa av musea, fylkeskontora til dei politiske partia, kva skjer med idrettskrinsen, vil fotballkretsen i fylket framleis bli administrert frå Sogndal, Innovasjon Norge sameleis? Og kva med Sogn og Fjordane teater, NRK, fylkesbibliotek og arkiv pluss folkets oppsamla milliardverdiar i folkeigde selskap? Kort og godt: Kva vil skje med ALT i vårt fylke?

Det kan vera greitt nok å henta retoriske poeng frå Siv Jensens «God-dag-mann-økseskaft»- institutt i Oslo. Men ein dag må svara koma. Og det hastar. Ein kan ikkje halda folk for narr i det uendelege berre ved å dyrka dei brunaste føydalsamfunna i Europa sine våpen- og adelsskjold, som blei moderne igjen i jappetida. Dessutan har Sp og Ap frivillig gjeve frå seg regional, politisk styringsmakt. Enkle analysar av valoppslutning og meiningsmålingar syner det. Nyforelskelsen mellom Framstegspartiet og Venstre vil kan henda ha endra det politiske landskapet, både i region og i kommunar, særleg ved konstituering.

Kva taper vi? Styringa av Sogn og Fjordane på raudgrøn vis har gjort denne fylkeskommunen til den rikaste landet. Den oppsmuldrande, liberale politikken har gjort Hordaland fylkeskommune til den fattigaste. At lokale vegkryss er betre utgreidde enn fylkessamanslåinga mellom Sogn og Fjordane og Hordaland, finst det ikkje tvil om. Sogn og Fjordane hadde fortent betre. Vi skulle ha kryssa inn Bergens Våg med toppsegl og skjerfløy blafrande i linne vindar, og ikkje ha passert Nordnes-pynten i ein skoddeflaum av ubesvarte spørsmål, med ei samrøre av byråkrati og politikk som seglingsgraut. Og vi treng fleire kvinnelege skribentar som skriv med hjartevarme om politiske spørsmål.