Håvard sprang første etappen til laget Spenst og synest det var kjekt å få vere med dei store.

– Det er veldig kjekt å vinne, men mest motiverande å få vere med å springe med dei andre på laget, seier Håvard.

Han sprang første etappe og veksla med Karoline Holsen Kyte. På spørsmålet om han skal bli like rask som dei andre på laget, er han heller litt beskjeden.

– Eg trur ikkje eg kjem til å bli like rask som desse to, men skal trene mykje for å bli god, seier Håvard Klakegg og peikar på Marius Vedvik og Karoline Holsen Kyte.

7. året på rad

Marius Vedvik på vinnarlaget har deltatt sidan 2010 på Helse Førde-stafetten.

– Det eg liker med denne stafetten, er at det er så uhøgtidleg og det er ein stor folkefest. Kjekt å sjå fleire som samla seg og deltek, seier Vedvik.

Vinnarlaget sprang inn på ei tid på 32 minutt og 30 sekund, 24 sekund bak rekorden.

– Det er kjekt å vere med og det er eit flott arrangement, seier laget seg einig i.