Korleis har du det?

Eg har det bra for tida. Eg bur på hybel med kjekke folk, og miljøet her på Firda vgs. er veldig flott – visst eg skal skryte litt.

Kvifor har du valt å gå kledd slik i dag?

Eg byter mellom skjorte og T-skjorte annankvar dag, og i dag var det ein T-skjortedag. I tilegg slengte eg denne burgunderraude genseren over, fordi vêret den siste tida har vore veldig usikkert. Det var ikkje godt å seie om det skulle bli sol eller regn i dag tidleg då eg skulle kle på meg.

Kva ville du gjort viss du vann 10 millionar i Lotto?

Då ville eg ha kjøpt ein bil, el-bil faktisk, for det er viktig å ta vare på miljøet. Også ville eg brukt resten på ungdomspartiet mitt, og som eit standard svar: vener og familie.

Når var du sist redd?

Redd er ikkje ei kjensle som eg føler på så ofte, men vi hadde ein heildags-prøve førre veke som eg ikkje var særleg førebudd på – då blir ein litt småredd.

Kva er du opptatt av?

Fotografi kjem på førsteplass her. Eg held faktisk på å lage mi eiga fotonettside.

Når laug du sist?

I går.

Kven er din favoritt blant norske reality-kjendisar?

Først vil eg seie at eg ikkje er noko glad i reality-TV, men programleiar Petter Skjerven på Typisk Norsk, er den første eg kjem på i denne samanheng.

Kva er du aktuell med?

Bortsett frå fotografi driv eg på med ungdomspolitikk. Eg sit i fylkesstyret til Sosialistisk Ungdom, og i tillegg fiskar eg ein gong i veka. Eg får ikkje så mykje fisk, men gjer det mest fordi det er sosialt.

Kva er noko ingen andre veit om deg?

Djupt nede elskar eg å irritere folk. Berre å gjere småirriterande ting, som å dulte borti eller pirke i ein venn på skulen, er moro.

Kva var den siste meldinga du fekk?

Den var frå kroppsøvingslæraren min – han sa vi skulle ha volleyball ute. Kjedeleg, eg veit.