– Når barn på gata ser på meg med undrande blikk, og vrir hovudet i forsøk på å finne ut om eg er gut eller jente, då kan eg ikkje gjere anna enn å le.

Tamara er eigentleg serbisk, men flytta til Stryn i 2011 etter at foreldra fekk seg jobb i Norge. Ho seier sjølv at ho kan norsk godt, men føler at det har blitt hennar greie å snakke engelsk. Mange har ulike teoriar om kvifor Tamara snakkar som ho gjer.

Flytande i norsk, men vel å snakke engelsk

– Folk som ikkje kjenner meg, tenker at eg blei mobba før eg bestemte meg for å snakke engelsk på fulltid, men det er ikkje årsaka. Likevel blir eg ikkje fornærma for at nokon kan tru det, seier ho.

Det var nemleg ikkje menneska rundt ho som har påverka denne jenta. Ho har alltid vore ein perfeksjonist, og viss ho skulle snakke eit språk, så skulle ho kunne det perfekt før ho gjekk ut i den store verda.

– Til slutt blei det berre til mi greie, og i ettertid føler eg at det framleis passar personlegdommen min best. Eg har alltid elska å snakke engelsk, så kvifor ikkje snakke det heile tida?

– Opplever du nokon gong å bli behandla ulikt?

– Eg har ikkje teljinga på kor mange gongar skulen har prøvd å bruke det at eg ikkje snakkar norsk som eit argument mot meg. Er eg i ein debatt med læraren, har det skjedd at han spør «Skjønnar du i det heile tatt kva eg seier?» når han veit at eg forstår språket like godt som alle dei andre. Det er utan tvil irriterande, seier 10.-klassingen.

Måtte overtale faren

Nyleg barberte Tamara av seg det vesle av hår ho hadde frå før. Håret hennar har gått gjennom forskjellige fasar i løpet av 10. klasse. Først klipte ho det skulderkort, og etter det har det gradvis blitt kortare og kortare.

– Før eg barberte håret mitt, var eg begynt å merke at eg brydde meg litt for mykje om kva andre meinte om det. Det var veldig ulikt meg. Eg bestemte meg difor for å tvinge meg sjølv til å vere sårbar igjen ved å gjere opprør mot samfunnets standardar for skjønnheit. Mitt råd til dei som strevar med å uttrykke seg annleis er: berre gjer det.  I mesteparten av tilfella får du berre meir respekt enn motseiingar.

Det var bestemor hennar som over Skype fekk overtalt faren til å late ho klippe seg. Ho var redd for at mor hennar skulle bli sur, men det blei ho ikkje.

– Foreldra mine har alltid vore på mitt lag, og dei har alltid late meg vere meg sjølv. Eg er så takknemleg for at familien min alltid har akseptert meg, seier Tamara.

Vil kjempe for alle legningar

Tamara fortel at folk ikkje alltid torer å spørje om håret hennar når dei møter ho. Ho seier at det ikkje er noko gale med å spørje ho direkte om kvifor ho er sånn ho er, heller det enn å gå rundt og anta ting.

– Folk trur ofte at eg er mykje meir «badass» enn det eg eigentleg er, og at håret mitt er meir av ei politisk gjerning. På ein måte stemmer det, men eg er definitivt ikkje like hard som folk trur eg er.

Ho har lyst å bli meir politisk aktiv, og meir aktiv i LGBTQ-aktivisme (Lesbian, Gay, Bisexual, Trans og Queer). Ho har lyst å jobbe for betre rettar for alle legningar. Sjølv er ho usikker på si eiga legning.

Til hausten håpar Tamara å komme inn på kunst, design og arkitektur-linja på Hafstad vidaregåande skule. Ho elskar tanken på å vere omringa med kunst kvar dag. Nyleg gjekk ho vidare til fylkesfinalen i UKM, med ei teikning av seg sjølv.

– Eg trudde ikkje at eg kom til å gå vidare. Men sjølvsagt er eg veldig glad for at eg gjorde det, og det gir meg motivasjon til å berre jobbe hardare. Bildet eg la fram, blei oppfatta meir abstrakt enn det eg tenkte den kom til å bli. Eigentleg så teikna eg berre korleis eg følte meg der og då, seier ho.