Det seier dagleg leiar for Vestavind Kraft, Stig Svalheim, som var på NVE sitt vindkraftseminar i Drammen då konsesjonen vart gjort kjent.

LES OGSÅ: Får bygge vindpark på Bremangerlandet likevel

Han rosar stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) og fylkesleiar for FrP, Lars Svein Drabløs, for godt politisk arbeid.

- Dei har jobba godt i kulissane, understrekar han.

Svalheim må no plukke fram att Bremangerlandet-prosjektet og sette det i arbeid att.

– Dette kan gje positive ringverknader for mange. Med 26 turbinar på Bremangerlandet-prosjektet, 12-13 på Hennøystranda og seks på Okla på Stadlandet, byrjar dette samla sett å bli eit prosjekt som kan gje synergiar.

Men Bremangerlandet Vindpark vil koste i området 800 millionar å bygge ut og ein må truleg utanom landets grenser for å finne nok kapital. Men det er mange om beinet. Totalt sett er det vedtatt vinkraftprosjekt for 16-18 mrd.kroner i Norge. Zephyr er no i gang med å hente inn kapital til Guleslettene-anlegget.

LES OGSÅ: Planlegg byggestart i 2018

- Vi  er truleg avhengig av utanlandsk kapital. Ute i Europa er det pengefond som krev moderat avkastning og desse er gunstige  å få med. Dei siste åra har det vore ei rivande utvikling teknologisk og ein kan no konkurrere kostnadsmessig med nyutbygd vasskraft. Ein kan tene pengar på eit nivå på kring 30 øre/kW, fortel Svalheim.

Han stadfestar at dei etter dialog med Bremanger kommune tilbake i 2011, lova i samband med ilandføring av utstyr å bidra med utbetring av vegane mellom Smørhamn og Oldeide.