Olje- og energidepartementet har i dag gitt Bremangerlandet Vindpark AS konsesjon til bygging og drift av Bremangerlandet vindkraftverk i Bremanger kommune. Løyvet omfattar eit vindkraftverk på inntil 80 MW, tilsvarande årsforbruket til rundt 12 500 hushaldningar (250 GWh).

LES OGSÅ:

 – Bremangerlandet vindkraftverk er eit prosjekt med svært gode økonomiske føresetnader for å bli realisert. I Bremanger kommune blir anlegget ønskt velkommen, seier olje- og energiminister Terje Søviknes (FrP). 

Vindkraftanlegget skal ligge på øya Bremangerlandet. Søknaden om bygging av Bramangerlandet vindkraftverk blei avslått av NVE i desember 2015, og påklaga til Olje- og energidepartementet.

Departementet har gjort ei samla vurdering og avveging av fordelane og ulempene ved ei utbygginga. Berekningar viser at prosjektøkonomien er blant dei aller beste av prosjekta som er gitt konsesjon dei siste åra. Dette er vege opp imot negativ påverknad på fugl, og at også landskap, enkelte verdifulle kulturmiljø og friluftsliv vil bli påverka negativt.

Det blir lagt til grunn at etableringa av vindkraftverket ikkje vil komme i konflikt med nasjonale forvaltningsmål for naturtypar og artar. Etter ei heilskapleg vurdering har departementet konkludert med at fordelane ved vindkraftverket er større enn skader og ulemper det kan medføre. 

I konsesjonen er det sett vilkår om for- og etterundersøkingar av fugletrekk over planområdet. I anleggsperioden skal det takast omsyn til hekkande sårbare og truga fugleartar. Forsvarets interesser i området og Norkrings sendar på Steinsfjellet må det også takast omsyn til ved prosjekteringa.