Det var aldri noko tvil då Fana kom til Florø for 2. runde i cupen. Florø vart nummeret for store og sprang regelrett over laget frå Nesttun. Det var dessutan tydeleg at spelarane som fekk sjansen og speletid, greip sjansen med begge hender.

Monir Benmoussa, som etter raudt kort mot Bodø/Glimt må sone borte mot Kongsvinger søndag, spelte 90 minutt. Han ville vise seg fram for Stimen og knalla inn Florø sitt første på frispark allereie etter seks minutt. Og Florø var klare på at tempoet skulle vere høgt. Fana fekk knapt nok låne ballen frå start av og var bakpå heile tida. Men mål har det blitt lite av så langt i sesongen, så her var heimelaget på jakt etter godkjensla og den første heimesigeren. Rashad Mohammed putta sitt tredje cup-mål i år etter 37 minutt og berre to minutt seinare la Oliver Rotihaug på til 3–0. Dette var resultatet til pause.

Andre omgang starta som første med høgt Florø-press. Heimelaget var ute etter målkjensla og ville ikkje starte med restitusjonen sjølv om sigeren verka sikra. Og etter 67 minutt var Benmoussa frampå igjen. Han punkterte kampen med sitt andre for kvelden. Berre tre minutt seinare noterte Martin Hollevik seg på scoringslista på ei heading til 5–0.

No slokna Florølaget litt. Fana fekk sin første sjanse i kampen og vi noterte 80 minutt. Jacob Storevik som elles berre hadde fungert som libero bak, fekk endeleg hanskane på eit skot som hadde farleg retning. På det etterfølgande hjørnesparket er Florøforsvaret ukonsentrert og Andre Matos hos Fana får sette inn trøystemålet. 5–1 var fullt fortent, og om ikkje bana hadde vore nyklipt og så glatt, og om pasningskvaliteten hadde vore nokre knepp opp, ville heimelaget truleg scora fleire.

Minna om Lysekloster

Terje Rognsø minna om kva som skjedde den famøse Lysekloster-kampen i fjor i garderoben før kampen. Då hadde Nest-Sotra nedsabla Os-laget 9-1 heime og Lysekloster som hadde tapt alle kampane til då, slo tilbake og vann på Florø stadion. Det var einaste kampen Florø tapte i fjor. Fana kom til Florø etter å ha tapt 8-1 borte mot Nest-Sotra i serien i helga. Og noko reprise skulle ikkje Rognsø ha noko av.

- Det er godt å sjå at vi held oppe innsatsen. Den er god om dagen. Sett bort frå Elverum-kampen så er gutta bra. Dei som kjem inn i dag viser seg fram og grip sjansen, det liker eg, kjem det kort frå Rognsø.     

Husa tilbake

Etter 60 minutt var Christer Husa tilbake. Han fekk ein halvtime som stoppar og kaptein etter at Vegar Gjermundstad vart tatt av.

– Godt å spele igjen, kom det frå Husa som helst ville spelt på kanten. Han kan vere aktuell borte mot Kongsvinger søndag, men vil bli fasa forsiktig inn etter skaden. 

Martin Hollevik spelte 90 minutt og jubla då dommaren blåste av.

– Veldig kjekt å spele. Eg var godt nøgd med eigen prestasjon og det er veldig kjekt å få krona det heile med scoring. Eg er ikkje av dei som brukar å score så mykje, så det er kjekt når det skjer.

Kaddu Aton fekk spele på midten i heile cupkampen og gjorde få feil.

– Veldig moro med ein siger heime, seier han. På spørsmål om det er på midtbana han heldt likar å spele, svarar han med glimt i auget. – Eg speler der eg får beskjed om å spele, men helst vil eg jo vere spiss, seier han og gliser.

Luc Jeggo spelte heile kampen og Dino Omerovic kom også inn for Stefan Aase på tampen. Oliver Rotihaug hadde ein kjenning i lysken og bad om å bli bytta ut i pausen.

- Eg vil ikkje dra på meg noko før Kongsvingerkampen, då vil eg vere tilgjengeleg, kjem det frå Rotihaug som viste seg fram med scoring i omgangen han spelte. Han vart bytta inn med Peter Aase etter pause. Ein som ikkje er tilgjengeleg er Monir Benmoussa som etter det heller merkelege gule kortet søndag er suspendert.

- Det var godt å score to og vinne den første her heime. Eg har tru på gutta og er sikker på at dei vil gjere det godt i Kongsvinger, kommenterte han.  

Viktig for økonomien

Florø har ikkje budsjettert med avansement til tredje runde. Sigeren onsdag betyr dermed 90.000 kroner netto i kassa. Til no har cupen gitt mellom 150.000 og 200.000 i inntekter. 

Vi møtte klubbnestor Øystein Hjertenes i porten etterpå. Han var sjølvsagt glad for avansementet og meiner å vinne i cupen er viktig for klubbøkonomien.

– Å vinne slike kampar er ein viktig del av det å drive ein klubb. Vi treng desse inntektene, slår han fast.

Håpet no er å få eliteseriemotstand i Florø. Gjerne Brann, Sogndal eller kanskje Viking. Helst på heimebane. Brann på stadion kan bety 2000 på tribunen og klingane mynt i klubbkassa. Men det vil også avansement til fjerde runde gi, så her er det hipp som happ skal vi tru dei vi snakka med på stadion onsdag.

KAMPFAKTA: FLORØ - FANA

Florø - Fana 5-1 (3-0)

1-0 Monir Benmoussa 6 min, Florø

2-0 Oliver Rotihaug 37 min, Florø

3-0 Rashad Muhammed 39 min, Florø

4-0 Monir Benmoussa 67 min, Florø

5-0 Martin Hollevik 70 min, Florø

5-1 Andre Matos 82 min, Fana

Florø:

Jakob Storevik

Martin Hollevik - Vegar Gjermundstad (Christer Husa 62 min) - Runar Hove - Christopher Lindquist

Kaddu Aton - Stefan Aase (Dino Omerovic 69 min) - Luc Jeggo

Rashad Muhammed - Oliver Rotihaug (Peter Aase 46 min) - Monir Benmoussa